PÄ andre sprÄk

Wikipedia:Vekas artikkel/2008

Vekas artikkel Kandidatar Kalender

Skandinavisk: pÄ bokmÄl pÄ svensk pÄ dansk

frÄ nb/til nb | frÄ da/til da | frÄ sv

I dag er det tysdag, 22. juli 2008 – Oppdater sida
Veke 1
Den fĂžrste kjende boka som vart gjeven ut i Noreg var Tyge NielssĂžn sin Allmanach paa det aar efter Jesu Christi FĂždsel 1644.

Ein almanakk er ein Ärleg kalender som inneheld informasjon om eitt eller fleire emne knytt til dei ulike dagane. Den informasjonen som er mest vanleg Ä finne i ein tradisjonell vestleg almanakk er astronomiske data, og statistikk over til dÞmes soloppgang og -nedgang, fullmÄne og halvmÄne, tidvatn, offentlege hÞgtidsdagar, helgedagar og liknande.

Forgjengaren til almanakken er rekna Ă„ vere den greske vĂȘr-kalenderen, parapegma, kjend frĂ„ det 2. Ă„rhundret. Den eldste kjende almanakken etter moderne mĂžnster blei laga i 1150 av Solomon Jarchus. Den eldste kjende norske almanakken er datert til 1643, dĂ„ Tyge NielssĂžn gav ut sin almanakk i Christiania; Allmanach paa det aar efter Jesu Christi FĂždsel 1644, pĂ„ 48 sider. Denne almanakken er ĂČg rekna Ă„ vere den fĂžrste norske boka som har vorte publisert. Les meir

Vis - Diskusjon - historikk


Veke 2
Nordsida av den gamle festningen pÄ Korfu

Kérkyra eller Korfu er ei Þy i Det joniske havet i Hellas. Ho ligg utafor kysten av Albania og mellom Þya og fastlandet gÄr det eit 3 til 23 km breidt sund. Hovudbyen pÄ Þya og i prefekturet, Kérkyra prefektur, er Kérkyra by. Her ligg mellom anna Det joniske universitetet. Øya har ei rik historie som er nÊrt knytt til den greske historia med start i gresk mytologi.

Det greske namnet Kérkyra er knytt til to mektige symbol pÄ vatn: havguden Poseidon og Asopos, ei viktig elv pÄ det greske fastlandet. I fÞlgje mytene skal Poseidon ha forelska seg i den vakre nymfa Korkyra, dottera til Asopos og elvenymfa Metope, og bortfÞrte ho. Poseidon fÞrte ho til Korfu, som dÄ ikkje hadde namn enno. Han tilbydde seg Ä kalla Þya opp etter ho, som etter kvart utvikla seg til Kérkyra. Saman fekk dei bornet Faiax, som innbyggjarane pÄ Þya er kalla opp etter: Faiakarar (pÄ latin Phaeacius).

Historien om Kérkyra er full av slag og erobringar, noko ein kan sjÄ igjen i alle borgene og festningane pÄ strategiske stader rundtom pÄ Þya. Les meir

Vis - Diskusjon - historikk


Veke 3

Thorstein Bunde Veblen (30. juli 1857—3. august 1929) var ein norsk-amerikansk sosiolog og Ăžkonom, og ein av grunnleggjarane av rĂžrsla for institusjonell ĂžkonomilĂŠre. Han var ein sterk kritikar av amerikansk Ăžkonomi, og er mest namngjeten for verket The Theory of the Leisure Class (1899). Veblen vart fĂždd i Cato i Wisconsin, av norske innvandrarforeldre. Norsk var fĂžrste mĂ„let hans.

Veblen utvikla ei evolusjonÊr ÞkonomilÊre for det 20. hundreÄret basert pÄ dei nye idéane som kom frÄ antropologi, sosiologi og psykologi. Ulikt nyklassisk ÞkonomilÊre som voks fram pÄ same tida, skildra Veblen Þkonomisk Ätferd som sosialt heller enn individuelt bestemt, og han sÄg Þkonomisk organisering som ein stadig utviklingsprosess. Denne prosessen var driven av menneskelege instinkt som emulasjon (etterlikning), predasjon (rov), fagstoltheit, foreldreinstinkt og meiningslaus nyfikne. Veblen ville at Þkonomane skulle skjÞne verknadene av sosial og kulturell endring pÄ Þkonomisk endring. Les meir

Vis - Diskusjon - historikk


Veke 4
Atahualpa, den siste Sapa Inka dĂžydde 29. august 1533.

Inkarikets fall er omgrepet nytta om historia om korleis inkadynastiet tapte makta over inkariket til Spania. Det gjekk nÊrare 25 Är frÄ europearane fÞrst kom til Stillehavet (25. september 1513) og fekk hÞre om eit gulland i sÞr, til inkaene i rÞynda tapte riket til den spanske krona med slaget i Cajamarca og dei spanske conquistadorane kontrollerte inkariket. Slaget som avgjorde utfallet tok om lag 2 timar, kosta dei innfÞdde ca 6-7000 liv utan at nokon spanjolar vart sÄra.

FrĂ„ tidspunktet dĂ„ den spanske conquistadoren Francisco Pizarro pĂ„ erobringstoktet gjekk i land i byen Tumbes lengst nord i det moderne Peru vĂ„ren 1532 skulle det gĂ„ vel fire Ă„r fram til siste store motstanden mot inntrengjarane vart slegen ned. Det skjedde etter det mislukka inkaopprĂžret i 1536 i Cuzco under leiing av inkamarionetten Manco CĂĄpac II. I 1572 vart den siste inka og dei Ăžvste hĂŠrfolka hans teken av spanske styrkar. Hendinga i 1572 stadfesta endeleg inkarikets fall sjĂžlv om det er meir rett Ă„ vise til 16. november 1532 med slaget i Cajamarca. I Europa har maktovertakinga oftast vore nemnt som «erobringa av inkariket». Les meir

Vis - Diskusjon - historikk


Veke 5
Hans Holbein d.y.  SjÞlvportrett frÄ 1542.

Hans Holbein den yngre (1497 eller 1498- 29. november 1543) var ein biletkunstnar fÞdd i Augsburg i Bayern. Kunsten hans fell inn under stilretninga nordleg renessanse og han var mellom dei heilt fremste av portrettmÄlarar i sin periode. HovudomrÄda han budde og arbeidde i var Basel i Sveits og London i Storbritannia. Holbein arbeidde med teikning, grafikk og mÄleri. I tillegg formgav han glasmÄleri, klesdraketer og anna, og han illustrerte bÞker. FrÄ 1536 var han hoffmÄlar hjÄ kong Henrik VIII av England. MÄleriet AmbassadÞrane vert rekna som han viktigaste verk. Les meir

Vis - Diskusjon - historikk


Veke 6
Orografisk tÄke ved Lushan-fjellet i Jiangxi-provinsen i Kina.

TĂ„ke eller skodde er ei sky som er i kontakt med bakken. For Ă„ kallast tĂ„ke mĂ„ sikten vera under 1000 m. TĂ„ke oppstĂ„r normalt nĂ„r relativ fukt nĂ„r 100 % pĂ„ bakkenivĂ„, men havtĂ„ke kan oppstĂ„ i turrare luft. TĂ„ke kan dannast brĂ„tt, og lĂžysast opp like brĂ„tt, avhengig av pĂ„ kva side av doggpunktet temperaturen er.

Den staden med mest tÄke i verda er Grand Banks utanfor Þya Newfoundland i Canada. Det oppstÄr ofte tÄke her fordi den kalde havstraumen Labradorstraumen frÄ nord her mÞter den mykje varmare Golfstraumen frÄ sÞr.

I Noreg varierer det frÄ landsdel til landsdel kva tid pÄ Äret det kjem mest tÄke. Kysten av Barentshavet, Norskehavet og sÞrover til JÊren er mest utsett for tÄke om sommaren, medan SÞrlandskysten er mest utsett om vÄren. DÞme pÄ kyststrÞk med mykje strÄlingstÄke er Oslo-omrÄdet og Kirkenes. Austlandet fÄr som regel mest tÄke om vinteren, og er sÊrleg utsett i periodar med sÞrleg, mildt luft som kjem inn over eit snÞdekt landskap. Les meir

Vis - Diskusjon - historikk


Veke 7
Gullhjelmen til HÄkon den gode som er pÄ heradsvÄpenet til Fitjar. Det er ikkje offentleg godkjend fordi det har tre fargar.

Fitjar er ein kommune i Hordaland fylke, i Sunnhordland. StÞrstedelen av kommunen ligg pÄ Þya Stord, der kommunen Stord ligg i sÞr, og Fitjar kommune ligg i nord. I tillegg til Stord er mange Þyar ut mot SelbjÞrnsfjorden ein del av Þykommunen Fitjar.

Fitjar var i lange tider ein kongsgard og truleg eit hÞvdingsete sidan bronsealderen, og i dag er staden kanskje mest kjend for slaget pÄ Fitjar. Sogespelet Kongen med Gullhjelmen eller HÄkonarspelet er eit spel til minne om kong HÄkon I den gode og slaget.

Den fÞrste kyrkja pÄ Fitjar var frÄ 1100-talet, og truleg bygd i tilknyting til kongsgarden. Den gamle steinkyrkja vart riven i 1860-Ära, og den noverande trekyrkja vart bygd pÄ same staden i 1867. Stein frÄ den gamle kyrkja vart nytta som steingard rundt kyrkjegarden. Les meir

Vis - Diskusjon - historikk


Veke 8
Aure er den av ferskvassfiskane som opptrer i flest vassdrag i Noreg.

Ferskvassfisk er fisk som lever heile eller delar av livet sitt i ferskvatn, det vil seie i elver og innsjĂžar med salinitet pĂ„ under 0,05 %. TilhĂžva i desse miljĂža skil seg frĂ„ dei i havet pĂ„ mange punkt; den mest openberre skilnaden er det ulike saltinnhaldet. For Ă„ kunne overleva i ferskvatn treng fisken ei rekkje fysiologiske tilpassingar for Ă„ halda ein god balanse av salt i kroppen.

41 % av alle kjende fiskeartar fĂžrekjem i ferskvatn. I Noreg er det registrert 42 ulike artar ferskvassfisk, men det finst ingen vassdrag kor ein finn alle saman. Dei mest artsrike fiskesamfunna finn me i lavlandet pĂ„ Austlandet. Langsmed norskekysten er Ăžkosystema hovudsakeleg dominerte av anadrome fisk som laks og aure. Les meir

Vis - Diskusjon - historikk


Veke 9

Temperatur er den fysiske eigenskapen som er grunnlaget for om ein lekam vert oppfatta som varm eller kald. Lekamen med hĂžgast temperatur vil oppfattast som varmast. Temperatur er direkte knytt til mengda varmeenergi i systemet, det vil seia tilfeldige rĂžrsler i atom og molekyl i systemet. Ein auke i temperaturen tilsvarar ein auke i den absolutte gjennomsnittsfarten til atoma og molekyla.

Temperatur blir mÄlt med eit termometer og kan kalibrerast til Ä gjelde for forskjellige temperaturskalaer. I dei fleste omrÄda av verda bruker ein Celsius-skalaen, bortsett frÄ USA som brukar Fahrenheit. SI-eininga for temperatur er derimot kelvin (K). Les meir

Vis - Diskusjon - historikk


Veke 10
Halldis Moren Vesaas.

Halldis Moren Vesaas (18. november 1907 - 8. september 1995) var ein norsk lyrikar, omsetjar og kulturarbeidar, som pÄ mange omrÄde gjorde ein omfattande innsats for nynorsk sprÄk og kultur. Dei fleste av diktsamlingane hennar, seks av i alt Ätte, kom ut i Ära frÄ 1929 til 1947. Det sentrale temaet er opplevingar og kjensler hjÄ kvinner gjennom dei ulike livsfasane: ungdom, forelsking, samliv i lukke og i motgang, morsrolle og til sist den modne kvinna og hennar perspektiv pÄ livet og gleda ved ny kjÊrleik. Halldis Moren Vesaas vann ry som gjendiktar gjennom arbeidet sitt med klassisk dramatikk, ho var ein ettertrakta opplesar, og ho hadde fleire sentrale verv i kulturlivet, mellom anna i Riksteateret, forfattarforeininga og Norsk kulturrÄd. Ho var fÞdd i Trysil, det meste av det vaksne livet sitt budde ho pÄ MidtbÞ i Vinje, frÄ 1933 til rundt 1970, saman med ektemannen og kollegaen Tarjei Vesaas. Les meir

Vis - Diskusjon - historikk


Veke 11
Side frÄ kyrkjeboka til Os prestegjeld som viser nokre av dei som omkom under stormen.

Den galne mĂ„ndagen eller Galne-MĂ„ndagen var eit uvĂȘr som slo inn over Vestlandet 11. mars 1822. Truleg mista rundt 300 mann livet pĂ„ havet under stormen.

UvĂȘret kom sĂŠrs brĂ„tt pĂ„ og dagen hadde starta med stille og fint vĂȘr og blankt hav, og mange fiskarar skal ha kome frĂ„ fjordbygdene for Ă„ vere med pĂ„ fisket, som hadde vore sĂŠrs godt sĂ„ langt det Ă„ret. Ein gamal fiskar skal ha meint at han kunne sjĂ„ teikn pĂ„ at det var uvĂȘr i emne, men ingen valde Ă„ hĂžyre pĂ„ han og la ut til havs. Ut pĂ„ dagen skya det til og det byrja Ă„ sludde og snĂž. Vinden auka raskt pĂ„ til orkan. Muntlege overleveringar tyder pĂ„ at 300 menneske drukna til havs og i tillegg omkom fleire pĂ„ land dĂ„ bygningar raste saman eller dei fraus i hel. I kyrkjebĂžkene kan ein telje opp om lag 150 menneske som omkom i stormen, men truleg vart berre dei som vart funne igjen skrive opp i bĂžkene.

UvĂȘret levde lenge i lokale tradisjonar og mellom anna pĂ„ Utsira vart det pĂ„ folkemunne sagt: «Gud bevare oss for 11. mars!» Les meir

Vis - Diskusjon - historikk


Veke 12
Rissa polsk pÄskeegg med haremotiv. Aust-Europa har ein lang pÄskeeggtradisjon.

PÄskeegg er dekorerte egg og eggforma pynt eller mat laga i samband med pÄske. Dei kan vera alt frÄ etande hÞnseegg eller sjokoladeegg til hole pynteegg av ei rekke ulike materiale, frÄ tomt eggeskal, tre, papp og plastikk til glas, porselen og gull. PÄskeegg blir brukte som pÄskepynt, til ulike leikar, og ikkje minst som pÄskemat. Egga har rÞter i bÄde jÞdisk, heidensk og kristen tradisjon, og symboliserer framfor alt nytt liv og grÞde.

Den kristne kyrkja hadde tidleg eit forbod mot Ă„ ete egg under fasten, eller i det minste i den stille veka. Egg som blei lagde i denne tida blei tekne vare pĂ„ og ofte pynta, til dĂžmes farga raude, til minne om blodet Jesus ofra pĂ„ krossen eller som eit uttrykk for gleda over oppstandinga hans. Dei tre elementa — skal, plomme og kvite — som utgjer eit egg er ogsĂ„ blitt sett pĂ„ som eit symbol for treeininga. Les meir

Vis - Diskusjon - historikk


Veke 13
Kolossen pÄ Rhodos, som sannsynlegvis ikkje stod med ein fot pÄ kvar side av hamna som vist her.

Kolossen pÄ Rhodos var ein enorm statue av den greske solguden Helios som vart reist pÄ Rhodos, den austlegaste av dei greske Þyane i Egearhavet, pÄ 200-talet fvt. Statuen hadde om lag same storleik som Fridomsgudinna i New York City i USA, men vart plassert pÄ ein lÄgare plattform. Kolossen pÄ Rhodos var eitt av dei sju underverka.

Skildringane frĂ„ antikken er noko motseiande nĂ„r det gjeld konstruksjonen. Nokre fortel at han vart bygd i fleire steinkolonner eller i tĂ„rn av steinblokker som bygget sitt indre. Han vart reist pĂ„ ein 15 meter hĂžg sokkel av kvit marmor i nĂŠrleiken av innlĂžpet til hamna, kanskje pĂ„ ein molo ved hamna. Jernbjelkar vart drivne inn i steintĂ„rna og bronseplater vart festa til bjelkane og danna «huda»; dei ytre flatene pĂ„ statuen. Konstruksjonen stod ferdig i 282 fvt. etter 12 Ă„r. Statuen stod berre i knappe 56 Ă„r fĂžr Rhodos vart skaka av eit jordskjelv i 226 fvt. Statuen braut av ved kneledda og fall mot land. Kolossen stod sannsynlegvis pĂ„ ein sokkel og statuen som stĂ„r med beina pĂ„ kvar si side av hamna er truleg ein fantasi frĂ„ seinare skildringar. Les meir

Vis - Diskusjon - historikk


Veke 14
R.E.M. pÄ konsert i Padova i Italia 22. juli 2003.

R.E.M. er eit amerikansk rockeband som vart danna i Athens i Georgia i januar 1980 av vokalist Michael Stipe, gitarist Peter Buck, bassist Mike Mills og trommeslagaren Bill Berry. Etter utgjevinga av debutplata Chronic Town i 1982, gav bandet ut seks album pÄ like mange Är, frÄ Murmur i 1983 til Green i 1988.

Den klare R.E.M.-lyden og dei kryptiske tekstane til Stipe hadde stor innflytnad pÄ mange band, bÄde skrangle-pop band pÄ 80-talet og alternativ rock-band pÄ 90-talet. Etter Ä ha oppnÄdd suksess pÄ nytt plateselskap mot slutten av 80-talet og tidleg pÄ 90-talet kunne bandet fronte sine eigne politiske saker pÄ same tid som dei spelte pÄ store arenaer verda over. Plater som Out of Time (1991) og Automatic for the People (1992) selde til platinum fleire gonger og vart godt tekne imot bÄde av fans og kritikarar. I april 2008 er R.E.M. aktuelle med nytt album, Accelerate. Les meir

Vis - Diskusjon - historikk


Veke 15
TomĂĄĆĄ Garrigue Masaryk i 1918.

Tomåƥ Garrigue Masaryk (7. mars 1850-14. september 1937) er kjend som den tsjekkoslovakiske landsfaderen. Han var sentral i opprettinga av Tsjekkoslovakia og var den fÞrste presidenten i landet. Masaryk var ogsÄ ein respektert akademikar, redaktÞr og politikar.

I ettertid har Masaryk vorte noko nĂŠr ein nasjonalhelt, sĂŠrleg i Tsjekkia. Vitskapsmannen Karl Popper utropa han og Winston Churchill som dei to stĂžrste statsmennene pĂ„ 1900-talet. Den tsjekkiske journalisten Ferdinand Peroutka meinte Masaryk sitt store bidrag ikkje var hans vitskaplege verk, men hans eigen person. Forfattaren Karel Čapek har hevda at «Masaryk er eit prinsipp». Alle utsegna prĂžver Ă„ syna Masaryk si stordom, ikkje berre som vitskapsmann og politikar, men ĂČg som menneske. Les meir

Vis - Diskusjon - historikk


Veke 16
Marineinfanterister fra 3. marineinfanteridivisjon gÄr i land ved Bougainville.

Amfibisk krigfÞring inneber Ätak pÄ landbaserte mÄl med militÊre styrkar frÄ skip. Amfibisk krigfÞring krev landgangsfarty eller helikopter for Ä transportera soldatar til land frÄ skipa som har fÞrt dei til omrÄdet.

MĂ„let med Ă„ setja soldatar i land frĂ„ skip er Ă„ avslutta konfliktar. Eit amfibisk Ă„tak er ein av dei mest vanskelege militĂŠre operasjonane. Det krevst koordinering av eld frĂ„ skip og luftfarty, medan bakkestyrkane skal setjast i land pĂ„ ei kystlina som er kontrollert av fienden – som ofte har ein enorm fordel pĂ„ grunn av det opne landskapet pĂ„ dei fleste strender. Invasjonen av Normandie, Slaget om Iwo Jima og Falklandskrigen er nokre av dei mest vidgjetne amfibiske operasjonane i historia. Les meir

Vis - Diskusjon - historikk


Veke 17
Geirangerfjorden er ein av dei best kjende norske fjordane.

Det er opp mot 1190 namngjevne fjordar i Noreg, og norskekysten er eitt av omrĂ„da i verda med flest fjordar. Noreg har ĂČg fleire av dei lengste fjordane i verda, med Sognefjorden pĂ„ 204 km som den lengste. Flest fjordar finn ein i langstrekte Nordland, som har opp mot 300 fjordar, medan Finnmark har kring 200.

Norske fjordar har som regel fjord som siste del av namnet sitt, men dei kan ĂČg kallast til dĂžmes poll, botn, sund, eller vuotna‎, som er samisk for fjord.

Lista i artikkelen inneheld dei aller fleste fjordane i Noreg og pÄ Svalbard. Dei aller minste fjordane (hovudsakleg mindre enn 1 km lange) er stort sett ikkje teke med. Alle fjordane i lista har eigne artiklar.

Les meir

Vis - Diskusjon - historikk


Veke 18
Knelarnettvengje.

Knelarnettvengjer (Mantispidae) er ei familie insekt som hÞyrer til nettvengjene. Namnet sitt har dei fÄtt fordi dei har fÄtt forbeina sine omdanna til fellklÞr som ser ut som dei knelarar har. Gruppa finst normalt ikkje i Noreg, men fÞrekjem stundom pÄ importert tropisk frukt. Det er kjend rundt 350 artar pÄ verdsbasis, fordelt pÄ 45 slekter og fleire underfamiliar. Fem artar er kjende frÄ Europa, men berre Mantispa styriaca fÞrekjem nord for MiddelhavsomrÄdet. Denne er funnen sÄ langt nord som nord i Tyskland. Les meir

Vis - Diskusjon - historikk


Veke 19
OpptĂžy i Washington, D.C. etter at Martin Luther King var blitt drepen.

Året 1968 er kjend for ei rekke dramatiske hendingar med bakgrunn i maktkampar mellom ulike krefter og ideologiar. 1968 er blitt kalla «Äret dĂ„ allting hende», og er blitt stĂ„ande som eit symbol pĂ„ den motkulturelle ungdomsrĂžrsla frĂ„ denne tida, som ofte blir kalla «1968-generasjonen». Ulike krav om fridom og folkestyre prega land over heile verda, og mange venta seg store endringar gjennom ein verdsomspennande revolusjon. VĂ„ren 1968 fann det stad studentopprĂžr i ei rekkje land. Sosialisme var sĂŠrs utbreidd blant intellektuelle, og ei ny, «andre bĂžlgje» av kvinnerĂžrsla gjorde seg gjeldande dette Ă„ret. Samstundes fekk voksteren av radikale idĂ©ar motsvar av konservative politikarar som hevda Ă„ tala for ein «taus majoritet».

Dette Äret bevega Tsjekkoslovakia seg vekk frÄ sovjetisk innverknad i det som blei kalla prahavÄren, men blei seinare pÄ Äret invadert av andre warszawapaktland. USA opplevde skjelsetjande politiske omveltingar og valdshandlingar. Dette Äret blei borgarrettsleiaren Martin Luther King jr. og presidentkandidaten Robert F. Kennedy drepne i attentat. Landet gjekk gjennom uro som raseopptÞy og demonstrasjonar mot vietnamkrigen. Les meir

Vis - Diskusjon - historikk


Veke 20
Daguerreotypi av Henrik Wergeland. SĂžstera hans  Camilla Collett, totte det var det einaste biletet av han som verkeleg likna.

Henrik Arnold Wergeland (17. juni 1808–12. juli 1845) var ein norsk forfattar og samfunnsdebattant. Han er rekna som den stĂžrste lyrikaren Noreg har fostra. Fleire verk kombinerer prosa, lyrikk og dialog. Det kunstfilosofiske eventyret Jan van Huysums Blomsterstykke (1840) er eit framifrĂ„ dĂžme pĂ„ genreblanding og eit hĂžgdepunkt i diktinga hans. Han skreiv ĂČg for scena og let etter seg ein stor, variert dramatisk produksjon med sceniske utfordringar som vĂ„r tid truleg har betre fĂžresetnader for Ă„ nytte ut enn samtida hans hadde. Han ville omsetja sine poetiske idear i praktisk arbeid, og var ein aktivist i ei politisk gjĂŠringstid dĂ„ Noreg heldt pĂ„ Ă„ finne fram til ein eigen kulturprofil. Les meir

Vis - Diskusjon - historikk


Veke 21
Kart over nedslagsfeltet

Isar er ei 295 km lang elv i Austerrike og Tyskland. Ho er ei av sideelvene til Donau. Etter Inn og Lech er Isar den tredje viktigaste tyske sideelva til Donau. Tidlegare var elva brei og grunn, med mange Þyar av grus og sand. Bortsett frÄ nokre plassar lengst opp er dette preget regulert bort. MiddelvassfÞringa er 175 m³/s (til samanlikning har Glomma 700 m³/s).

Isar er utsett for flaum og fĂžr ho vart regulert skapte elva ofte flaum i byane langs elva og gjorde store Ăžydeleggingar og tok livet av mange menneske. I 1813 kollapsa ei bru i MĂŒnchen under ein flaum og 100 menneske mista livet. PĂ„ 1920-talet byrja ein Ă„ byggje vasskraftverk, og frĂ„ 1954 til 1959 bygde ein Sylvensteinspeicher for Ă„ produsere straum og for Ă„ verne mot flaumar. Dette fĂžrte mellom anna til at landsbyen Fall var lagd under vatn. NĂ„r vassnivĂ„et i reservoaret er svĂŠrt lĂ„gt, kan ein framleis sjĂ„ kyrkjetĂ„rnet stikke ut av vatnet. Les meir

Vis - Diskusjon - historikk


Veke 22
Strandkrabben er den vanlegaste krabbearten i fjĂžra i Noreg

Krabbar er krepsdyr med fire par bein, eitt par klĂžr og ein sterkt redusert bakkropp som vert boren under framkroppen. Krabbar hĂžyrer til infraklassa Brachyura. Dei lev for det meste i havet, men sĂŠrleg i tropane finst det ĂČg artar i ferskvatn og pĂ„ land. Gruppa er den stĂžrste og mest varierte av tifotkrepsdyra, med over 10 500 registrerte artar fordelt pĂ„ 70 familiar.

Langs norskekysten er det funne om lag 30 ulike krabbeartar. Dei vanlegaste er taskekrabbe og strandkrabbe.

Om lag 20% av alle krepsdyr som vert fanga eller avla fram som mat pĂ„ verdsbasis er krabbar, til saman over 1œ millionar tonn. Her til lands er det taskekrabben (Cancer pagurus) som vert teken i stĂžrst kvanta, men strandkrabbe smakar ogsĂ„ godt. Kongekrabben vert ĂČg seld som krabbe, men hĂžyrer eigentleg til anomurene. Les meir

Vis - Diskusjon - historikk


Veke 23
Ruinane etter det gamle Sparta

Sparta (gresk: ÎŁÏ€ÎŹÏÏ„Î±) er ein by i prefekturet Lakonia, der han er hovudstad, i Peloponnes i Hellas. Byen var av dei mest kjende polisa i antikkens Hellas, og den mektigaste pĂ„ Peloponnes. Ruinane av den antikke byen ligg i utkanten av den moderne.

Kring 550 fvt. og ei tid framover var Sparta ei sterk og effektiv militÊrmakt, og falanksane deira vart rekna som umogeleg Ä slÄ. Dette kom mellom anna til uttrykk i peloponnesarkrigen. Les meir

Vis - Diskusjon - historikk


Veke 24
Eivind Groven. Bilde frÄ 1951

Eivind Groven (1901-1977) var ein norsk komponist, musikkvitar, spelemann pÄ hardingfele og seljeflÞyte, folkemusikksamlar og utgjevar som mellom anna er kjend for arbeidet sitt med reinstemte orgel.

Som komponist var han ein av dei mest originale Noreg har fostra. Mykje av det folk trur er folkemusikklÄn, er hans eige stoff. Han er den fyrste, og til no den einaste, norske komponisten som meistra bÄde hardingfela og symfoniorkesteret. Meir
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 25
Big Ben er eit landemerke i London

London er hovudstaden i Storbritannia og er ein storby som ligg sÞr i England ved elva Themsen. London er ein av dei stÞrste byane i Europa, har ei historie som strekker seg to tusenÄr attende, og har i lÞpet av den tida vore senter for fenomen som renessansen og den industrielle revolusjonen. Sentrumet City of London har stort sett hatt dei same grensene fram til i dag, men sidan 1900-talet har omgrepet London blitt nytta om heile metropolen rundt. Dette omrÄdet er i dag ein region i England og har sin eigen administrasjon med valt borgarmeister og forsamling.

Byen er i moderne tid eitt av dei viktigaste politiske, Þkonomiske og kulturelle sentra i verda. Mykje av grunnen til dette er at London var hovudstad for det britiske imperiet, og dermed maktsenter for store delar av kloden i nÊr tre hundre Är.

SjĂžlve byen har 7 500 000 innbyggjarar, men om ein reknar heile storbyomrĂ„det, kjem ein opp i mellom 12 og 14 millionar innbyggjarar. Byen er med det den stĂžrste i EU etter folketal. Les meir

Vis - Diskusjon - historikk


Veke 26
Fargane pÄ kartet illustrerer ulike klimasoner.

Köppen si klimaklassifisering er eit av dei mest brukte klimaklassifiseringssystema. Det vart utvikla av den tyske klimatologen Wladimir Köppen rundt 1900. Han gjorde seinare fleire utbetringar av systemet. Systemet kombinerer Ärlege og mÄnadlege middel av temperatur og nedbÞr i samsvar med vegetasjonsfordelinga pÄ jorda.

Köppen sitt skjema deler klimaet inn i fem klimasoner i tillegg til fleire klimatypar og klimaundertypar. Dei fem klimasonene er tropisk klima, tĂžrt klima, temperert klima, kontinentalt klima og arktisk klima. Les meir

Vis - Diskusjon - historikk


Veke 27
«Liebherr T282B» er ein av verdas stÞrste dumparar.

Dumpar er ei anleggsmaskin som vert nytta for Ă„ transportere jord, grus, stein og liknande, ofte pĂ„ dĂ„rleg underlag. Dumparar finst i mange typar og mange storleikar. Nokre dumpartypar er bygde for bruk i terrenget, medan andre krev veg eller fast underlag. PĂ„ veg, eller anna godt underlag, vert ĂČg lastebilar utstyrte med dumparkasse nytta for massetransport.

Dumparar med stiv ramme kan ha lasteevne opp mot 400 tonn

Det norske fĂžretaket Moxy har produsert rammestyrte dumparar sidan 1972, dĂ„ dei introduserte den sekshulsdrivne «Viking D15». Les meir

Vis - Diskusjon - historikk


Veke 28
Dansefluge er ei tovengje insekt.

Insekt (frĂ„ latin in secta, 'i delar' etter kropssegmenteringa deira) er ei gruppe seksfota leddyr som er utbreidd over heile verda. Det er beskrive godt over ein million ulike artar, 15 000 av dei er registrert i Noreg. Talet pĂ„ beskrivne artar aukar med om lag 3 500 i Ă„ret, og ein reknar med at det reelle artstalet ligg mellom tre og hundre millionar artar.

Ein finn insekt dei fleste stadar pÄ land og i ferskvatn, kor dei spelar sÊrs viktige rollar Þkologisk. Dei er bÄde viktige predatorar pÄ andre virvellause dyr og viktige matorganismar for stÞrre dyr. Mange blomsterplantar er dessutan avhengige av insektpollinatorar for Ä kunne formeira seg.

Insekt er ĂČg dei dyra som skapar flest problem for menneske. Kvart Ă„r vert ein tredel av verdas avlingar Ăžydelagt av insekt av eit eller anna slag. Mange sjukdommar vert ĂČg spreidd via insekt, mellom anna malaria.

Sidan insekta er sĂ„ enormt mangfaldige, talrike og Ăžkologisk viktige, er studiet av dei rekna som eit eiga fag, kalla «entomologi». Les meir

Vis - Diskusjon - historikk


Veke 29
Det osmanske riket frÄ 1300-talet til 1683.

Det osmanske riket, ogsĂ„ kalla Det ottomanske riket, var eit enormt, tyrkisk imperium, grunnlagd av Osman I ved byrjinga av 1300-talet og styrt av Det osmanske dynastiet fram til Tyrkia som republikk vart skipa av Mustafa Kemal AtatĂŒrk i 1923 etter den fyrste verdskrigen.

Riket var mektigast pĂ„ 1500-talet under sultan SĂŒleyman den store. Det hadde likevel stĂžrst utstrekking i 1683, dĂ„ det strekte seg frĂ„ Wien i vest, gjennom Midtausten og Nord-Afrika, til dagens Iran og Den arabiske halvĂžya i aust. SjĂžlv om riket var stort, hadde det berre rundt 40 millionar innbyggjarar.

Ein sultan styrte riket saman med diwanen, ei regjering sett saman av vesirar og leia av storvesiren. Seinare tok sultanane den muslimske tittelen kalif, det Ändelege overhovudet til alle muslimar. I fleire hundreÄr sÄg ein pÄ desse sultanane som dei einaste som hadde rett til Ä erklÊra heilag krig. Les meir

Vis - Diskusjon - historikk


Veke 30
Portrett av Grotius som 48-Äring. Michiel Jansz van Mierevelt, 1608.

Hugo Grotius (10. april 1583–28. august 1645) arbeidde som jurist i Nederland] og la fundamentet for internasjonal rett basert pĂ„ naturrett. Han var og filosof, poet og dramaforfattar. Han er kanskje mest kjent for verket Mare Liberum som la grunnlaget for teorien om det opne hav og framtidig havrett.

I Mare Liberum («Dei frie hav») som vart trykt i 1609 formulerte Grotius eit nytt prinsipp om at havet var internasjonalt og at alle nasjonar fritt kunne nytte havet for handel. Dette prinsippet gav nederlenderane ideologisk grunnlag for bryte ulike handelsmonopol gjennom si formidable maritime makt. FÞr denne tid var det vanleg Ä tenkje at hava var delt mellom Spania og Portugal med bakgrunn i at Paven hadde delt verda mellom desse to landa. Prinsippa som Grotius formulerte finn vi igjen i dagens havrett. Artikkel 17 i Havrettstraktaten gjev alle rett til uskuldig gjennomfart.

England som konkurerte kraftig med Nederland om Ä dominere verdshandelen var usamde i dette og kravde suverenitet over havet rundt dei britiske Þyene. Det var Cornelius Bynkershoek som i De dominio maris (1702) fann lÞysninga. Eit land skulle ha suverenitet over hava sÄ langt ut frÄ land som ein kanon kunne skyte. Dette utvikle seg til prinsippet om tremils grense til havs. Les meir

Vis - Diskusjon - historikk


Veke 31
Lava sprutar ut frÄ Eldfell pÄ eit tidleg stadium av utbrotet. Ein kan sjÄ byen Heimaey i fÞregrunnen.

Eldfell (utt. eld-fedl, tyder eldfjell) er ein om lag 200 meter hÞg sinderkjeglevulkan pÄ den islandske Þya Heimaey, som vart danna dÄ eit vulkanutbrot overraskande byrja 23. januar 1973, like utanfor byen Heimaey.

Utbrotet utlÞyste ei alvorleg krise og fÞrte nesten til ei permanent evakuering av Þya. Vulkansk oske fall over mesteparten av Þya og Þydela mange hus. Ein straum av lava trua med Ä fylle igjen hamna, som var hovudinntektskjelda til Þya via fiskeriflÄten. Ein operasjon vart iverksatt for Ä kjÞle ned lavaen ved Ä pumpe sjÞvatn pÄ toppen av han, noko som var vellukka og hindra lavaen frÄ Ä stenge hamna.

Etter at utbrotet var over, brukte Þyfolket varmen frÄ den sakte avkjÞlande lavaen til Ä produsere varmt vatn og generere elektrisitet. Dei brukte óg noko av tefraen, nedfall frÄ dei eksplosive utbrota, for Ä forlenge rullebanen pÄ Þya sin litle flyplass, og som fyllmateriale som dei bygde 200 nye hus pÄ. Les meir

Vis - Diskusjon - historikk


Veke 32

Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 32, 2008
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 33

Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 33, 2008
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 34

Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 34, 2008
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 35

Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 35, 2008
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 36

Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 36, 2008
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 37

Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 37, 2008
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 38

Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 38, 2008
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 39

Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 39, 2008
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 40

Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 40, 2008
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 41

Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 41, 2008
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 42

Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 42, 2008
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 43

Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 43, 2008
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 44

Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 44, 2008
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 45

Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 45, 2008
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 46

Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 46, 2008
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 47

Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 47, 2008
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 48

Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 48, 2008
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 49

Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 49, 2008
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 50

Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 50, 2008
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 51

Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 51, 2008
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 52

Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 52, 2008
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 53

Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 53, 2008
Vis - Diskusjon - historikk


Vekas artikkel Kandidatar Kalender

Skandinavisk: pÄ bokmÄl pÄ svensk pÄ dansk

frÄ nb/til nb | frÄ da/til da | frÄ sv

I dag er det tysdag, 22. juli 2008 – Oppdater sida

Apartamenty BuƂgaria katalog stron www Gry komputerowe Kwatery Stegna opisy gg Wina wƂoskie zamykanie naczyƄ Canon 40D PoĆŒyczki hipoteczne Serwery Katalog Stron Internetowych Pozycjonowanie stron Projekty domĂłw wczasy nad morzem Domeny kick koparki BuƂgaria wczasy Karaoke expekt COOLsurf