På andre språk

Wikipedia:Vekas artikkel

Snarveg:
WP:VA
WP:UA
Vekas artikkel Kandidatar Kalender

Skandinavisk: på bokmål på svensk på dansk

frå nb/til nb | frå da/til da | frå sv

I dag er det laurdag, 26. juli 2008 – Oppdater sida
Arkiv: 2004 – 2005 – 2006 – 2007 – 2008

Vekas artikkel er ein bolk på hovudsida som vert oppdatert ein gong i veka med dei første avsnitta frå ein utvald artikkel i lag med eit bilete.

Utvald artikkel denne veka: Hugo Grotius
Portrett av Grotius som 48-Ã¥ring. Michiel Jansz van Mierevelt, 1608.

Hugo Grotius (10. april 1583–28. august 1645) arbeidde som jurist i Nederland og la fundamentet for internasjonal rett basert på naturrett. Han var og filosof, poet og dramaforfattar. Han er kanskje mest kjent for verket Mare Liberum som la grunnlaget for teorien om det opne hav og framtidig havrett.

I Mare Liberum («Dei frie hav») som vart trykt i 1609 formulerte Grotius eit nytt prinsipp om at havet var internasjonalt og at alle nasjonar fritt kunne nytte havet for handel. Dette prinsippet gav nederlenderane ideologisk grunnlag for bryte ulike handelsmonopol gjennom si formidable maritime makt. Før denne tid var det vanleg å tenkje at hava var delt mellom Spania og Portugal med bakgrunn i at Paven hadde delt verda mellom desse to landa. Prinsippa som Grotius formulerte finn vi igjen i dagens havrett. Artikkel 17 i Havrettstraktaten gjev alle rett til uskuldig gjennomfart.

England som konkurerte kraftig med Nederland om å dominere verdshandelen var usamde i dette og kravde suverenitet over havet rundt dei britiske øyene. Det var Cornelius Bynkershoek som i De dominio maris (1702) fann løysninga. Eit land skulle ha suverenitet over hava så langt ut frå land som ein kanon kunne skyte. Dette utvikle seg til prinsippet om tremils grense til havs. Les meir…

Utvald artikkel neste veke: Eldfell


Lava sprutar ut frå Eldfell på eit tidleg stadium av utbrotet. Ein kan sjå byen Heimaey i føregrunnen.

Eldfell (utt. eld-fedl, tyder eldfjell) er ein om lag 200 meter høg sinderkjeglevulkan på den islandske øya Heimaey, som vart danna då eit vulkanutbrot overraskande byrja 23. januar 1973, like utanfor byen Heimaey.

Utbrotet utløyste ei alvorleg krise og førte nesten til ei permanent evakuering av øya. Vulkansk oske fall over mesteparten av øya og øydela mange hus. Ein straum av lava trua med å fylle igjen hamna, som var hovudinntektskjelda til øya via fiskeriflåten. Ein operasjon vart iverksatt for å kjøle ned lavaen ved å pumpe sjøvatn på toppen av han, noko som var vellukka og hindra lavaen frå å stenge hamna.

Etter at utbrotet var over, brukte øyfolket varmen frå den sakte avkjølande lavaen til å produsere varmt vatn og generere elektrisitet. Dei brukte óg noko av tefraen, nedfall frå dei eksplosive utbrota, for å forlenge rullebanen på øya sin litle flyplass, og som fyllmateriale som dei bygde 200 nye hus på. Les meir…

[endre] Val av vekas artikkel på nynorsk Wikipedia

Alle artiklar som har ei viss lengd og ein illustrasjon kan bli vekas artikkel. Nominering av nye kandidatar og diskusjon kan leggjast til på Wikipedia:Vekas artikkel/Kandidatar.

Dersom du ønskjer å føreslå ein særskild artikkel for ei særskild veke, kan legge inn eit forslag i kandidatkalenderen. Sjå årsarkivet for artiklar og diskusjonar, der du óg finn peikarar du kan legga inn forslag eller artikkelsnuttar på.

[endre] Utvalde artiklar på dei andre skandinaviske wikipediene

Nynorsk Wikipedia har óg artiklar frå dei andre skandinaviske wikipediaene på framsida. På meta:Skanwiki/Utvalgte artikler på meta-wiki kan ein finna desse artiklane og kopiera dei hit.

I artikkelutvalet frå éin Wikipedia som blir brukt på ein annan må ein endra peikarane slik at dei viser til wikipediaen på det opphavlege språket. Til dømes må peikaren [[1987]] endrast til [[:nn:1987|1987]] om han kjem frå Nynorsk Wikipedia, eller [[:sv:1987|1987]] om han kjem frå Svensk. Dette er greiast om ein gjer éin enkelt gong, når ein legg inn artikkelen på meta.


Tapety na pulpit Forex Pensjonaty Zakopane Dobre meble Doładowanie nauka jazdy kraków Tapety na pulpit ebooki-eksiazki agencja reklamowa kraków Domki nad jeziorem Restauracje Kraków Książki Frezowanie Suzuki Grand Vitara Perfumy, kosmetyki kick koparki Bułgaria wczasy Karaoke expekt COOLsurf