Valdas Adamkus
Valdas Adamkus (fødd 3. november 1926 i Kaunas) er ein litauisk politikar, og president i Litauen. Den andre presidentperioden hans begynte 12. juli 2004, etter at han fekk 52 % av røystene i andre valomgang ved presidentvalet i juni same år.
Adamkus flykta frå Litauen etter den andre verdskrigen og budde i USA frå 1949 til 1997. I USA var han republikanar. Han stilte til val ved presidentvalet i Litauen i 1998 og vann, som uavhengig kandidat. I 2003 vart han slått av Rolandas Paksas, men då han vart avsett året etter vann Adamkus det nye presidentvalet i juni 2004.
|