|
VerktøyPå andre språk
|
SyreEi syre er eit stoff som kan gje frå seg H+ ioner (proton), syra kan reagera med ein base og danna eit salt og har pH-verdi under 7 i vassløysning. Sterke syrer er fullstendig protolyserte i vatn, medan svake syrer berre er delvis protolyserte. Det vil seia at ikkje all syra reagerer med vatnet. Generelt kan ein reaksjon mellom ei syre og vatn skrivast slik:
Ein skil mellom organiske og uorganiske syrer. Aminosyrer og karboksylsyrer er organiske syrer. Dei sterkaste syrene, som svovelsyre, er uorganiske. Ei einprotisk syre er ei syre som gjev frå seg 1 proton (H+). Ei fleirprotisk syre er ei syre som gjev frå seg to eller fleire protoner (H+)
[endre] Definisjonar på ei syre
Svante Arrhenius definerte ei syre som eit stoff som kan gje frå seg hydrogenion når ho er løyst i vatn. Etter denne definisjonen må syrer vera vassløyselege. Det er ikkje nødvendig om ein brukar definisjonen til Brønsted og Lowry. Ei Lewis-syre treng ikkje eingong å innehalda hydrogen. [endre] Viktige syrer[endre] Organiske
[endre] Uorganiske[endre] Svake[endre] Sterke[endre] ReaksjonarSalt vert danna i nøytraliseringsreaksjonar mellom syrer og basar. Denne reaksjonstypen er viktig i analysemetoden syre-base-titrering. Endepunktet i titreringa vert funne ved hjelp av ein indikator eller ved pH-målingar. [endre] Bruk av syrerEin del organiske syrer vert brukt i matlaging. Eddiksyre i form av eddik er mykje brukt, mellom anna i dressingar. Nokre av syrene vert brukt som konserveringsmiddel. [endre] Sjå òg |