Skyskrapar

Taipei 101, den høgaste skyskraparen i verda med sine 508 meter
Taipei 101, den høgaste skyskraparen i verda med sine 508 meter

Ein skyskrapar er ei nemning som blir nytta om spesielt høge bygningar, per definisjon høgare enn 500 fot eller ca. 152,5 meter. I Europa er det etter kvart blitt vanlig å bruke 150 m som definisjon. Det engelske ordet skyscraper var opphavleg namnet på ei høg mast, eller eit segl, på eit seglskip.

1800-talet var det uvanlig at hus hadde meir enn seks etasjar; det blei for slitsamt for folk å gå trappene og vasstrykket i vassrøyra nådde berre 15 meter opp i bygget. Utviklinga innanfor stål, armeringsjern, heisar og vannpumper gjorde skyskraparane mulige. Den første verkelege skyskraparen kom i Chicago, Home Insurance Building, og var ti etasjar høg.

Den høgaste skyskraparen i verda i dag er Taipei 101, i Taipei, som er 508 meter høg, medan den høgaste bygningen i Noreg (Oslo Plaza i Oslo som er 117 meter høg) ikkje eigentleg er ein skyskrapar, sjølv om både den og lågare bygningar av og til blir omtalt som skyskraparar i media. Ein skyskrapar som er under bygging i Dubai, Burj Dubai, vil bli den høgaste i verda når han står ferdig. Ein reknar at bygningen vil bli 850 meter høg og ha rundt 160 etasjar.


gry erotyczne WSZiB w Krakowie odchudzanie Katalog Firm powiększanie ćwiczenia wakacje nad morzem wędkarstwo morskie Podkład korkowy fotele ogrodowe Tanie linie baseny Maszyny pakujące Bilety pianobeton biżuteria kick koparki Bułgaria wczasy Karaoke tani kredyt hipoteczny COOLsurf