|
VerktøyPå andre språk |
OffentleglovaOffentleglova er det nynorske namnet på Offentlighetsloven, eller formelt Lov om offentlighet i forvaltningen. Den noverande offentleglova kom i 1971, og er seinare revidert fleire gonger. Stortinget har vedtatt ei ny lov, offentleglova av 2006 (lov 2006/19), men ho har ikkje trådt i kraft enno (oktober 2007). Ho trer i kraft når Kongen bestemmer, venteleg ein gong i 2008. Den nye offentleglova er skriven på nynorsk, og fører i hovudsak vidare innhaldet i den gamle lova. Nokre endringar er det naturlegvis blitt:
Førearbeider til den nye lova er Ot. prp. nr. 102 (2004-2005) og Ot. prp. nr. 9 (2005-2006) som er Justis- og politidepartementets framlegg til ny offentleglov. Lovframlegget er basert på NOU 2003:30, som var eit utval oppnemnd av departementet for å sjå på endringar i offentleglova. Justisdepartementet sende hausten 2007 på høyring eit utkast til forskrifter til den nye offentleglova. [endre] Noverande offentleglovDen noverande offentleglova, med tilhøyrande forskrifter, har som hovudprinsipp at forvaltninga sine dokument er offentlege, om ikkje anna er gjeven med heimel i lov eller forskrift. Lova § 1 slår fast at lova gjeld for alle offentlege verksemder. Med offentleg verksemd forstår ein «ethvert organ for stat eller kommune». Spørsmål om eit forvaltningsorgan eller ei verksemd vert omfatta av lova, kan vere utgreidd av Sivilombodsmannen eller Justisdepartementets lovavdeling. § 2 definerer lovas hovudregel - at forvaltninga sine dokument er offentlege, anten dei er utarbeidd av organet sjølve, eller sendt til organet. Paragrafen definerer òg spesifikt at postjournalar, saksjournalar og møtekart til politiske organ skal vere offentlege. I § 3 vert lovas dokumentbegrep definert. Det er ofte strid og usemje om kva som er saksdokument, og som skal journalførast. Generelt skal alle dokument journalførast. §§ 4, 5, 5a, 6 og 6a er dei såkalla unntaksparagrafane. § 4 heimlar «utsatt offentlighet». Med dette meiner ein at dokumentet ikkje er offentleg for ein nærare definert periode. Dette unntaket skal tolkast strengt, og vert ikkje mykje brukt. § 5 gjeld unntak for interne dokument. Dette er i hovudsak dokument som er utarbeidd for eit forvaltningsorgan sin interne saksførebuing, det vil seie interne notat og liknande. Paragrafen gjeld òg dokument som er utarbeidd av eit underordna organ (§ 5 a)), av særlege sakkunnige eller rådgjevarar (§5 b)) eller utarbeidd i eit departement til bruk i eit anna departement (§5 c)). § 5a er unntak for dokument der opplysningar er undergitt lovbestemt teieplikt. Teieplikta kan fylgje av forvaltningslova (§ 13 første ledd), eller av reglar i særlovgiving. Plikta må ha heimel i lov, det er ikkje tilrekkeleg at nokon i instruks er pålagt teieplikt eller ar dei har skriven under ein lovnad om tystnad. § 6 gjer unntak for diverse føremål. Desse er:
[endre] Peikar ut |