|
VerktøyPå andre språk |
Nynorsk WikipediaNynorsk Wikipedia er eit fritt oppslagsverk på nynorsk og ein del av Wikipediaprosjektet. [endre] HistorieNynorsk Wikipedia vart oppretta den 31. juli 2004, og har sidan den gongen produsert 38 332 artiklar. Nynorsk Wikipedia kallar seg Wikipedia - Det frie oppslagsverket. [endre] BakgrunnNynorsk Wikipedia byggjer på wiki-konseptet. Det vil seie at alle som ønskjer det kan skrive nye artiklar eller endre gamle artiklar som dei ønskjer det. Med andre ord kan ein seie at Nynorsk Wikipedia er eit dugnadsprosjekt mellom fleire tusen registrerte brukarar og eit ukjent tal av uregistrerte brukarar. Heilt tilsvarande prosjekt finst på bokmål og på over 200 andre språk. Les meir om Wikipedia som konsept. Alt oppslagsverket publiserar vert publisert under ein fri dokumentlisens. Det vil hovudsakleg seie at alt innhald i Nynorsk Wikipedia kan kopierast, distribuerast og brukast fritt; heilt utan vederlag - so lenge det går klårt fram at kjelda til informasjonen er Nynorsk Wikipedia. Les meir om den frie dokumentlisensen GFDL. [endre] Sjå òg
|