|
VerktøyPå andre språk
|
Kornisk språk
Kornisk språk (kornisk: kernowek, kernewek, curnoack) er eit keltisk språk, i den såkalla P-greina eller brytoniske delen av dei øykeltiske språka. Den næraste slektningen til kornisk er bretonsk. Kornisk vart snakka i Cornwall fram til slutten av 1700-talet, med spreidd kunnskap om rim, regler, og framforalt stadnamn på kornisk gjennom 1800-talet. Revitaliseringa av kornisk tok til med Henry Jenners Handbook of the Cornish Language, som kom ut i 1904. I dag har kornisk mellom 100 og 500 talarar, og kanskje så mange som 3500 som har kjennskap til språket.
[endre] Skriftspråk[endre] Tradisjonell kornisk[endre] Revitalisert korniskRevitaliseringa av kornisk tar til med Henry Jenner sitt arbeid, i 1904. Etter det har det vorte utarbeidd fire ulike revisjonar av Jenner sitt arbeid, basert dels på ulike periodar av klassisk kornisk, og dels på ulike ortografiske prinsipp.
[endre] Sameint korniskSameint kornisk (Unified Cornish, UC) vart innført av Robert Nance med læreboka hans Cornish for All, 1929, og det representerer den første splittinga i revitaliseringsarbeidet til kornisk. Til skilnad frå Jenner, som tok utgangspunkt i 1700-talskornisk (moderne kornisk / seinkornisk), ville Nance sameine revitalisert kornisk med mellomalderkjeldene (derfor namnet). Sameint kornisk var det første praktiske framlegget til eit revitalisert kornisk, og det var i nesten 60 år den einaste standarden for revitalisert kornisk. Stavemåten var standardisert, og det Nance laga ord på basis av walisisk og bretonsk som ikkje var belagt i korniske tekstar, og publiserte dei i dei kornisk ordbøkena (1934, 1938). [endre] Moderne kornisk, eller seinkorniskPå 1970-talet var sameint kornisk kritisert for ikkje å vere i stand til å uttrykke ein del fonologiske distinksjonar som må ha vore til stades i klassisk kornisk. Tidleg på 1980-talet publiserte Richard Gendall eit nytt system som var basert på 1700-tals-tekstar, t.d. Nicholas og John Boson, William Rowe og Thomas Tonkin. Dette systemet vart av tilhengarane kalla moderne kornisk, eller revidert moderne kornisk, for å skilje den moderne versjonen frå 1700-talskornisk. Motstandarane kalla det seinkornisk, for å la ordet "moderne" stå for all revitalisert kornisk. [endre] Felles korniskEit anna initiativ, som kom omtrent samstundes, kom frå Ken George. I 1986 presenterte han ei ny rettskriving, kernewek kemmyn, eller felles kornisk. Det tok utgangspunkt i mellomkornisk, men la ein fonologisk analyse til grunn, innretta ortografien etter denne fonologiske analysen, og presenterte reglar for uttale. Dette systemet fekk godkjenning av Kesva an Taves Kernewek/The Cornish Language Board, og fleirtalet av dei kornisktalande bruker dette systemet. [endre] Revidert sameint korniskFelles kornisk møtte kritikk, ein av dei meir systematiske kritikarane var Nicholas Williams, som i 1995 presenterte kernowek unys amendys, eller revidert sameint kornisk. Dette systemet bygde, som namnet seier, vidare på sameint kornisk, og det la mellomkornisk til grunn. Revidert sameint kornisk prøver også å vere eit regelmessig system, men samanlikna med felles kornisk ligg det nærare dei attesterte tekstane. [endre] Situasjonen i dagKornisk har fått støtte frå EU i revitaliseringsarbeidet, og The Cornish Language Development project har i 2007 sett i gong ein prosess for å kome fram til ein ortografi for kornisk. [endre] Viktige årstal i revitaliseringsarbeidet:
[endre] Grammatikk[endre] Kjelder[endre] Bakgrunnsstoff
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||