|
|
Jersey
Jersey er ei øy i den engelske kanalen. Jersey er del av øygruppa Kanaløyane, som igjen er del av den større øygruppa dei britiske øyane. Jersey er, på same vis som Isle of Man, formelt ikkje ein del av det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland (UK). Jersey er direkte lagd inn under den britiske monarken, som ein kroneigedom. Utanrikspolitikk og forsvarspolitikk vert for det meste teke hand om av britiske styresmakter.
|