|
VerktøyPå andre språk
|
George W. Bush
George Walker Bush (f. 6. juli 1946) er den 43. presidenten i USA. Han var tidligere guvernør i Texas, og er son av tidlegare president George Bush. Bush vart fødd i Connecticut, men vaks opp i Texas. Han vart etter eit særs jamt val utpeika som president i 2001. Høgsterett i Sambandsstatane avgjorde at røystene i nokre valkrinsar i Florida ikkje skulle teljast om. George Bush er den andre USA-amerikanske presidenten gjennom tidene som er son av ein tidlegare president. Som president har han mellom anna stått i spissen for USA sin invasjon av Afghanistan, støtta av NATO. Taliban-regimet vart skifta ut. Det vert arbeidd med å innføra eit demokratisk styresett. Han sette óg i gong ein invasjon av Irak for å fjerna Saddam Hussein. Invasjonen og okkupasjonen av Irak er mykje omstridd folkerettsleg og politisk. I den folkelege opinionen i Europa vert George W. Bush rekna for å vera mellom dei minst populære presidentar USA har hatt. Han har trass i dette stor oppslutnad i USA, og han vann over utfordraren John Kerry i det amerikanske presidentvalet i 2004. Det var spesielt i sørstatane (som Alabama og Georgia), fjellstatene (som Idaho og Wyoming) og slettestatane (som Nebraska og Kansas) at Bush vann. I nordaust, der det demokratiske partiet tradisjonelt står sterkt, vann ikkje Bush ein einaste stat i 2004. [endre] Bakgrunnsstoff[endre] Kjelder
|
||||||||||||||||||