|
Verktøy |
Daguerreotypi
Daguerreotypi av Louis Daguerre.
Daguerreotypi (utt. dagerrotypi) er den eldste forma for fotografi, ei vidareføring av camera obscura. Metoden fekk namn etter Louis Daguerre, som var med på å finna han opp og annonserte metoden i 1839. Daguerreotypien skilde seg frå tidlegare fotografiske metodar ved å kunna ta bilde på nokre minutt, og blei raskt teken i bruk for nyhenderapportering og portrettering.
[endre] TeknikkEin tek daguerreotypiar ved å la lys frå fotoobjektet verka på ei blank metallplate som har eit lag av eit lyssensitivt stoff, typisk sølvhalid. Ein får fram biletet ved at kvikksølvdamp bind seg til lyseksponerte partiklar av stoffet, og at desse blir fjerna, slik at mest stoff blir igjen på område som var mørke på objektet. Dette biletet blir fiksert gjennom at ein dypper plata i natriumsulfitt. Daguerreotypiprosessen gjev eitt einaste bilete som ikkje kan kopierast. Det er så skjørt at ein kan øydeleggja det ved å ta på det, og sølvet kan oksiderast av luft. Det var difor vanleg å verna daguerreotypi med ei glassplate, i nokre høve også med ein inertgass (lite reagerande gass, som nitrogen). Metoden blei vidareutvikla med portrettobjektivet frå Josef Maximilian Petzval, ei linse som slapp inn meir lys og gjorde at eksponeringstida kunne kortast ned til under eitt minutt. Ein fekk også meir lysfølsame plater, og fann ut at å behandla dei med gullklorid gjorde bileta både meir detaljerte og meir haldbare. Trass i nyvinningane var likevel eksponeringstida lang, 60 til 90 sekund, og det var ikkje mogleg å laga kopiar av platene. [endre] BrukEin nytta daguerreotypi til å dekka samtidige hendingar som Krimkrigen og Den amerikanske borgarkrigen, og til portrettfotografering. Medan metoden var strengt patentert i Europa, spreidde han seg fritt i Amerika, særleg med hjelp av oppfinnaren Samuel Morse. Ein blomstrande industri av omreisande fotografar som laga portrett for ein pris mange hadde råd til vaks opp. Daguerreotypi blei også brukt til eksperimentering: Det første forsøket på stereofotografi og det første erotiske fotografiet blei teke med daguerreotypiapparat. Oppfinninga av kalotypi i 1841, den første fotografiprosessen med negativ, var byrjinga på slutten til daguerreotypiindustrien. Ein heldt likevel fram med å ta daguerreotypiar fram til 1860-åra. [endre] Kjelder
[endre] Bakgrunnsstoff
|