|
|
Brukardiskusjon:Frokor
Tidlegare diskusjonar er flytta til Brukardiskusjon:Frokor/Arkiv.
[endre] Takk for velkomst
Tusen takk for velkomsten. Eg ser fram til å byrje med skrivinga:) Michae2109 23:17, 9 desember 2007 (CET)
- Høyres bra ut :-) Me ser fram til bidraga dine. --Frokor 23:20, 9 desember 2007 (CET)
Illustrasjonsbildet finst ikkje meir. Kan me bruka fil:Vol d'onde.svg i staden? Det hadde i så fall vore fint om du skreiv bildetekst! --Ranveig 13:49, 12 desember 2007 (CET)
Hei, Frode. Kan du sjekke over bolken om geometri i artikkelen om snø? Denne bolken fortel om kvifor snøflak er symmetriske, men denne sida, som det er lenkja til frå artikkelen fortel: «If you think this is hard to swallow, let me assure you that the vast majority of snow crystals are not very symmetrical.» I tillegg forstår eg ikkje heilt desse setningane: «Eit interessant spørsmål er kvifor armane på eit snøflak er symmetriske, og kvifor det ikkje finns to like snøflak. Ein trur at svaret ligg i det faktum at distansen mellom snøflaka er mykje større enn distansen over dei.» Eg håpar du har tid til å sjå på dette. Forresten: Eg såg deg på TV 2 på fredag. :) Mvh EIRIK\diskusjon 15:54, 6 januar 2008 (CET)
- Hei, så du såg det ja :-) Eg har skrive om heile bolken (omsett på nytt fra engelsk og fylt ut litt der eg følte det var nødvendig). Forhåpentligvis er det litt klårare no, men gje ein lyd om noko framleis er uklårt. Om symmetrien til snøflak så er det jo klart at dei har ein symmetri, dvs. dei har seks armar der tre av dei dannar par som går i motsette retningar, men dei er ikkje symmetriske i den forstand at ein kan teikne ein perfekt sirkel rundt snøflaket. Så dei har symmetri, men er ikkje symmetriske om du får forstår. --Frokor 17:09, 6 januar 2008 (CET)
- Har Frokor byrja som værmann? Forresten, eg las om deg i nettutgåva til Sunnhordland. Når skulle du fortelle oss? ;) --Anders 19:10, 6 januar 2008 (CET)
-
- Eg la inn ein kommentar på Wikipedia:Omtale og fann ut det måtte halde. Får no vere måte på å stikke trynet sitt fram med både ein slik avissak (papirutgåva hadde ikkje mindre enn to heilsidesbilete!) og eksponering i beste sendetid på TV2 same dag (av to vidt forskjellige årsaker då) hehe. Vart litt i det meste laget for ein beskjeden kar som meg :-) --Frokor 19:23, 6 januar 2008 (CET)
-
-
- Eit godt intervju for Wikipedia. Tydeleg at både journalist og intervjuobjekt veit kva dei driv med. --Ekko 20:08, 6 januar 2008 (CET)
- Hm, heiter det ikkje «snøfnugg» på norsk?--Gunnar Mikalsen Kvifte 23:14, 6 januar 2008 (CET)
- Eg ser at berre snøfnugg står i nynorskordboka, men så lenge «flak», som i ei «flat, tynn skive» er lov, så er vel kanskje snøflak òg lov? Snøfjom? :-) --Frokor 23:35, 6 januar 2008 (CET)
[endre] Regnskugge
Så artikkelen din i Sunnhordland (lenke fra no:Tinget) og så litt rundt på artiklene du hadde skrevet. Jeg fikk lyst til å forbedre (les: lage SVG av) bildet på Regnskugge, men etter ei stund valgte jeg bildet brukt på enWiki. (en:Image:Rainshadow copy.jpg) Nå lurte jeg på om du kunne kommentere resultatet før jeg laster det opp? Lenke (teksten er innebygd, en oversettelse til no/nn er øyeblikksarbeid) Kagee 14:45, 8 januar 2008 (CET)
- Ein betre figur hadde gjort seg ja. Eg liker best en:Image:Rainshadow copy.jpg av dei to du viser til, sidan den får med at skyene kan dra seg over på lesida. Eg ville omsett teksten til: «Varm fuktig luft», «Rådande/rådende vindretning», «Stigande luft vert avkjølt og kondeserar», «Tørr luft» og «Regnskugge» --Frokor 15:02, 8 januar 2008 (CET)
-
- Slik? Kagee 16:21, 8 januar 2008 (CET)
-
-
- Veldig bra! --Frokor 17:30, 8 januar 2008 (CET)
-
-
- Bra illustrasjon, men det heiter "kondenserer". --Bep 18:19, 8 januar 2008 (CET)
-
-
-
- Resultatet: Fil:Regnskugge.svg (m. lenker til no og en) Kagee 05:51, 9 januar 2008 (CET)
For halvannan time sidan. Foto:Kjetil Lenes
- Flott bilete! Høyrte rykte om tilsvarande i Oslo-området for nokre dagar sidan. Er ikkje så ofte å sjå slikt, og har berre sett det nokre få gonger sjølv. Det er heilt sikkert den kraftive vestavinden inn mot Sør-Noreg som skapar desse (i form av bølgjer i lufta som forplantar seg høgt høgt oppover som vert skapt når lufta strøymer over Langfjella). Eg syns du skulle byta ut eitt av bilete i artikkelen, så me har eit bilete frå Noreg. --Frokor 18:28, 24 januar 2008 (CET)
- Då stikk eg over, med di velsigning... =:) --Ekko 19:21, 24 januar 2008 (CET)
-
-
- I dag tidleg var det perlemorskyer over Vestlandet òg. Skikkeleg flotte! (men det er dei jo alltid). Tre år sidan sist eg såg liknande. Håpar dei skal vere der i ettermiddag når sola går ned så eg får tatt bilete av dei. --Frokor 09:19, 25 januar 2008 (CET)
-
-
-
- Eg er heime med sjuk unge, og ser med lengt ut på det kalde veret med nokre få høge skyar. Det blir bra i kveld! --Ekko 10:55, 25 januar 2008 (CET)
-
-
-
-
- Ut i frå elementær trigonometri og utgangspunkt i at skyene ligg i ei høgd på 25 km har me rekna ut at skyene som me ser her i Bergen (og truleg på heile Vestlandet) ligg om lag over Haukeli. Det er ikkje utenkeleg at det er nøyaktig dei same skyene de på Austlandet ser. I alle fall ikkje om du ser dei mot vest, då er det nok dei same skyene. --Frokor 11:55, 25 januar 2008 (CET)
-
-
-
-
-
- Det er berre eit ord som dekker: Stilig! --Ekko 12:06, 25 januar 2008 (CET)
Kor langt kan eg gå? No når «Sondre» råkar vestlandet ser eg praktfulle perlemorsskyar mot vest-nordvest, sjå bileta. Som du kan sjå i artikkelen og i biletomtalen på Commons, går eg eit stykke på veg i å seie at stormen forårsakar skyane. Er det greit?
--Ekko 20:21, 25 januar 2008 (CET)
- Tja, det er jo kraftig vestavind som er årsaka til fjellbølgene. Vestavinden har vart i fleire dagar, men vestavinden i dag var mellom anna «Sondre» delaktig i, så det kan godt stå slik som no. --Frokor 21:04, 25 januar 2008 (CET)
[endre] Franske slag
Treng me ein kategori som heiter franske slag i tillegg til den som heiter slag i Frankrike? Eller driv du og ryddar, og vil endra namnet på kategorien? Eller har du berre gløymt å sjekka om han fanst frå før? --Tannkrem 23:48, 29 januar 2008 (CET)
- Eg har alt sletta den :-) Men eg oppdaga eit lite dilemma. Kva med slag som involverar Frankrike, men som ikkje finn stad i Frankrike? Eg trur det beste hadde vore å kalle det «Franske slag»...så kanskje me burde endre namna no medan det enno er få? --Frokor 23:51, 29 januar 2008 (CET)
- Ja, det var det spørsmålet som fekk meg til å spørja deg i staden for å snøggsletta ekstrakategorien. «Franske slag» er nok best ja. Det høyrest kulare ut òg. --Tannkrem 00:05, 30 januar 2008 (CET)
- Ja, eg syns òg det. Me har kategoriar som t.d. «franske krigar», så det vil jo vere i tråd med dei. --Frokor 00:07, 30 januar 2008 (CET)
[endre] Dear friend
I'll write you with one idea from serbian wikipedia. We have got idea to make a list of all featured and good articles about serbian subjects on all wikipedias. Please if you can help us with articles from your wiki. I am Vojvoda Please reply on my talk page
- Ok. If your comunity make some please contact me.Vojvoda Please reply on my talk page
Hei, veit du noko om heradsvåpenet på Fitjar? Kan du skrive tre ord om det før Fitjar vert vekas artikkel i neste veke?? Hogne 19:57, 4 februar 2008 (CET)
- Eg veit ikkje så mykje. Eg veit at det ikkje er offentleg godkjend fordi det har tre fargar (heradsvåpena skal vel berre ha to) og at det er gullhjelmen til Håkon den gode som er på våpenet. Eg kan jo skrive det i det minste. --Frokor 20:05, 4 februar 2008 (CET)
Eg har prøvd og prøvd, leita og leita for å få til ein slik mal med pil og flag til kvifor ein statsdanning som var før og etter. Kven skulle tru at eg skulle finne han på nynorsk wikipedia. Kjempetøff mal! Kunne du hjulpe meg med å få den på norsk tru? no:Mal:Infoboks tidligere land2. På førehand takk! Brukar:Jannizz
Eg har prøvd og prøvd, leita og leita for å få til ein slik mal med pil og flag til kvifor ein statsdanning som var før og etter. Kven skulle tru at eg skulle finne han på nynorsk wikipedia. Kjempetøff mal! Kunne du hjulpe meg med å få den på norsk tru? no:Mal:Infoboks tidligere land2. På førehand takk! Brukar:Jannizz
[endre] Fullt namn
Hei, eg les bidraga dine med stor lyst, kven hadde tru at eg skulle interessere meg for geografien i Lichtenstein? Takkar for det.
No har eg av artiklar i BA osb. sett ditt fulle namn. Det er sjølvsagt opp til deg, men det kunne kanskje auka truverdet til artiklane dine om du óg framstod med fullt namn på brukarsida di?
Som sagt, opp til deg. Men du gjer jo so mykje bra, så i ditt fall er det vel berre ei oppside? --Bep 22:46, 18 februar 2008 (CET)
- Takk for ros! Jo, eg trur uansett ikkje det ville problem å få tak i det fulle namnet mitt for dei som ville ønske det. Eg står jo med fullt namn som pressekontakt her ein stad òg. --Frokor 23:01, 18 februar 2008 (CET)
-
- Eg meiner å hugsa at wikipedia har det i retningslinjene sine at me ikkje skal krevja fulle namn av brukarane våre. Elles er eg for at folk skal måtte kunne stå for det dei skriv her, og fullt namn er ein fin måte å oppnå dette på.--Gunnar Mikalsen Kvifte 23:03, 18 februar 2008 (CET)
-
-
- Hadde eg hatt problem med det hadde eg vore langt meir sparsom med kva opplysningar eg hadde skrive. Eit kjapt søk på «Frode» og «Storm Weather Center» og eg hadde vore «avslørt» :-) --Frokor 23:07, 18 februar 2008 (CET)
-
-
-
- Jaudå, i ditt fall var det jo berre ein ekstra google som skulle til. Eg har mine anonyme kontoar på nokre forum, men i eit leksikon er det greit å stå rett fram. Eg vart minna på det av han bergensaren som held spetakkel på Samfunnshuset no. --Bep 23:13, 18 februar 2008 (CET)
[endre] Garpegenitiv
Garpegenitiv kan vere godt språk, det, men gjer det seg i ei artikkeloverskrift? Kva synes du om alternativet Den nulte lova i termodynamikken? Første bud er å ta omsyn til innarbeidd fagterminologi; den kjenner eg ikkje. Men det ser ut til av det skriv at vendinga eg foreslår her òg er brukande. «Berre eit lite tips», som dei seier i reklamen. Knut 20:28, 20 februar 2008 (CET)
Det finst ikkje fagbøker innan termodynamikk på nynorsk så vidt eg kjenner til, så noko innarbeidd fagterminologi utanom «termodynamikkens nulte/første/andre/tredje lov» på norsk finst nok ikkje. Kan gjerne endre for min del. --Frokor 20:35, 20 februar 2008 (CET)
- Om fagbøker ikkje finst, står du jo rimeleg fritt. Eg synest kanskje termodynamikken si nulte lov var ei noko tung formulering, men fagstoff er ofte tungt, og vert ikkje nødvendigvis lettare av at du tek omsyn til mi (sære) språkjensle. - Knut 21:05, 20 februar 2008 (CET)
[endre] Molekylar/molekylær
Eg ser du jobbar litt med kategoriar av typen «molekylar fysikk» og liknande for tida, og lurar på kva grunnlag du har for dette ordvalet. På norsk er det, i det minste innanfor molekylbiologi, vanleg å nytta «molekylær» med æ som adjektiv/adverb til det som har med molekyl å gjera.--Gunnar Mikalsen Kvifte 23:39, 20 februar 2008 (CET)
- I ordboka mi står begge nemnd, men berre «molekylar fysikk»--Frokor 23:42, 20 februar 2008 (CET)
- Kategorien burde nok heite molekylarfysikk, faktisk. Eg ser alle ord i den tekniske ordboka mi som inneheld «molecular xxx» er omsett til «molekylarxxx» eller «molekylar xxx». Molekylær er òg nemnd, men stort sett berre i omsetjinga av «molecular» åleine. Programmet Clue viser det same. --Frokor 23:49, 20 februar 2008 (CET)
- OK, eg berre lurte på om det var eit medvite val.--Gunnar Mikalsen Kvifte 00:03, 21 februar 2008 (CET)
[endre] God natt!
Eg tenkte eg skulle herje litt medan dei fleste søv. Fungerer stjerne hjå deg no (sjå f.eks manatar el. Commodore 64) ? Anders 02:21, 21 februar 2008 (CET)
- Ja, det ser bra ut i både Firefox og IE. Bra jobba (eller flytta :-D ) --Frokor 02:23, 21 februar 2008 (CET)
- Det var godt!Men jobben er eigentleg ikkje ferdig før det kan flyttast like ned att. Steg for steg, er eg redd det blir... :o Anders 02:45, 21 februar 2008 (CET)
Korleis finn du eigentleg detaljert informasjonen om dei minste fjordane? --Tannkrem 21:56, 28 februar 2008 (CET)
- Noko spesielt du tenker på? Eg nyttar hovudsakleg Norgesglasset til Kartverket, Google Earth og anna informasjon som eg finn ved hjelp av søk. --Frokor 22:01, 28 februar 2008 (CET)
-
- Nei, eg tenkte generelt. Prøvde å skriva om Fættenfjorden, men fann ut at det var ikkje så lett å skildra geografien korrekt når eg synsar på eiga hand ved å lesa kart. --Tannkrem 22:18, 28 februar 2008 (CET)
-
- Sendte nettopp ein e-post: 'Fjordar og namn'. Roar 15:31, 15 mars 2008 (CET)
Dei stadene der du har endra «...veien» til «...vegen», er det fordi du veit at det er G i vegnamna? Har inntrykk av at nb:, som eg omsette hordalandsbolken frå, har skrive «...vegen» der det skal vera det, men eg veit jo ikkje kva vegar i Bergen heiter. --Tannkrem 18:29, 11 mars 2008 (CET)
- Det tenkte eg faktisk ikkje på. Gatenamna heiter truleg -veien der det stod slik. Eg kjørte ein "søk og erstatt" i Word for at det skulle gå raskare. --Frokor 18:32, 11 mars 2008 (CET)
-
- OK, det forklarer kvifor Sveio vart heitande Svego, Tveita vart Tvegta og slikt. :D --Tannkrem 18:43, 11 mars 2008 (CET)
-
-
- Jepp, var litt for kjapp der. Eg kopierte tilbake den bolken som du omsette. --Frokor 18:45, 11 mars 2008 (CET)
-
-
-
- Anten du nyttar openoffice, Abiword eller M$ Word(grøss), somme gonger kan det vere greitt å hugse på å krysse av for "kun heile ord". ;) Anders 15:55, 15 mars 2008 (CET)
Du har jo etterkvart skrive ca ein milliard artiklar om geografi. Men ein ting mange av dei manglar, er gode kart sånn at ein kan sjå kor stadene er. Dette gjeld særleg små stadnamn (som t.d. 3 km lange fjordar). Veit du om ein måte me kan skaffa oss kart på? Veit du om me utan vidare kan bruka kart me genererer på Norgesglasset, googlemaps o.l. på Wikipedia? Eller må me ut og ta bilete av turistinformasjonsskilta rundtforbi eller noko sånt? --Tannkrem 16:41, 19 mars 2008 (CET)
- Det veit eg ikkje, men det hadde vore veldig kjekt med kart ja. Norgesglasset er ikkje fritt i alle fall. --Frokor 17:34, 19 mars 2008 (CET)
-
- Det finst ein kar på Bokmålswikipediaen, Finn, som er ein rev med kart. Eg trur han snart når metta si på å lage kart for folk, men dersom det er nokre få, viktige kart det er snakk om ville eg prøvd han. Eg har tenkt til å spørja om Isfjorden på Svalbard sjølv, men han treng eit fritt digitalt grunnlagskart. Det er han som m.a. har laga karta til Oslofjorden og Drammensfjorden, eg sett på namna på dei små stadene (som t.d. Hyggen) sjølv. --Ekko 18:22, 19 mars 2008 (CET)
-
-
- Dei få viktige karta er nok ikkje det største problemet. Det me manglar er vel først og fremst dei litt mindre og ikkje fullt så viktige karta. Men takk for tipset. Eg prøvde meg på www.maps-for-free.com, der dette kartet skal vera henta frå, men eg fekk det ikkje til. --Tannkrem 18:38, 19 mars 2008 (CET)
-
-
-
- Jo det var faktisk enkelt når eg først fann ut korleis. Du zoomer inn til passeleg nivå, trykker snapshot og så dreg du ein firkant med musa over området du vil ha kart over. Då kjem det opp i ein ny boks som eit bilete som du kan lagre. --Frokor 18:52, 19 mars 2008 (CET)
-
-
-
-
- Ja, det klarte eg. Men eg fekk det ikkje til å sjå fint ut, og stadnamn og sånt kom ikkje med. --Tannkrem 19:12, 19 mars 2008 (CET)
-
-
-
-
-
- Ok. Det må leggast på i eit eksternt program. --Frokor 19:13, 19 mars 2008 (CET)
-
-
-
-
-
-
- maps-for-free har laga fleire lag på toppen av google maps (det ser flott ut), og forklaringa på at stadnamna forsvinn ved lagring er nok at ikkje alt har fri lisens: All relief maps and layers are licensed under a Creative Commons Attribution Share Alike 3.0 License except the labeling layer and contour layer. The labeling layer and therefore the copyright is the same as used in the satellite view with Google Maps. The contour layer is Copyright 2007 by Michael Kosowsky. --Bep 22:51, 19 mars 2008 (CET)
-
-
-
-
-
-
- www.maps-for-free.com har litt for låg oppløysing for små fjordar i Noreg. Det er ikkje pålitande, Førlandsfjorden i Nord-Rogaland for eksempel manglar. Blåsjø ser ut som små pyttar. Eg ønskjer eit kart for Boknafjord som viser plassering av absolutt alle små og store fjordar i systemet, men trur det er arbeid for ein kartograf. Enda opp med å sette på nummerlappar der fjordnamnet skal stå. Resultatet blei førebels Fil:BoknafjordenWithAnnotFjords.png, veit ikkje om det kan brukast. Roar 22:56, 21 mars 2008 (CET)
-
-
-
-
-
- Ja, det var ein grei måte og gjere det på. Synd små fjordar forsvinn. Gjer dei det sjølv om ein zoomar langt nok inn? Då mister ein kanskje oversikten over kor fjorden ligg. --Frokor 23:55, 21 mars 2008 (CET)
[endre] Malhjelp
Kan du ta ein kik på Mal:Infoboks by? Eg får ikkje opp arealet i artikkelen Acapulco. --Tannkrem 21:17, 19 mars 2008 (CET)
- Du må nytte totalareal i staden for areal_urbant. Ein by eller bykommune består stundom av landlege område i utkanten eller andre stader og areal_urbant gjeld då berre sjølve det urbane området. --Frokor 22:50, 19 mars 2008 (CET)
-
- OK. Men burde ikkje alle tala koma med, sjølv om ein ikkje har «hovudtalet»? --Tannkrem 23:09, 19 mars 2008 (CET)
-
-
- Jo kanskje. Eg trur ikkje det er eit stort problem då. Har enno ikkje kome over eit tilfelle der eg ikkje hadde totalarealet. --Frokor 23:19, 19 mars 2008 (CET)
[endre] Apertium
Hi, I just updated and compiled your change, you can test it now. Usually I would do it more quickly, but the commit announce bot does not seem to be working today. Regards, - Francis Tyers 12:55, 26 mars 2008 (CET)
Hatten av for deg! Eg klarar ikkje tempoet ditt (men så har motorsykkelen fått nye pluggar og reint luftfilter etter at ungane la seg). Eg ser du har med litt meire enn eg om landet rundt fjordane på Svalbard, eg kan godt ta jobben med å gå over ein runde til etter kvart og leggja inn litt meire av det, ut frå Den norske Los. Wikipedantisk helsing Ekko 23:14, 1 april 2008 (CEST)
- Takk for det :-) Ta deg gjerne ein Losrunde når du får tid. Det eg har skrive om dei fleste fjordane er eigentleg ganske så tørre fakta, så det hadde vore kjekt med meir interessant informasjon der det var mogeleg. Historie t.d. (men det står det kanskje ikkje så mykje om i Den norske Los). --Frokor 23:22, 1 april 2008 (CEST)
[endre] Kategori:Fossar i Hordaland
Hei!På kategori:fossar i Hordaland la du til iw til nb:Kategori:Fosser i Hordaland. Den kategorien finnest ikkje, det rette namnet ville vel ha vore noko liknande som nb:kategori:fossefall i sogn og fjordane som dei har der, men den eksisterer heller ikkje. Anders 21:24, 2 april 2008 (CEST)
- Hm, ok. Kva tenkte eg på der? --Frokor 22:55, 2 april 2008 (CEST)
- Hmm, anar ikkje. Ekstrasensorisk persepsjon er ikkje mi greie, men det er vist noko på tv (to'en) no som handlar om det. Kanskje eg kan seie meir etterpå... Anders 23:09, 2 april 2008 (CEST)
[endre] Klima i X
Nokon grunn til at klimaartiklane ikkje står bunden form? Skulle akkurat til å omdirigera Klimaet i USA til Klima i USA då eg tok til å tenkja på kva av formane som var best. --Harald Khan Ճ 13:33, 9 april 2008 (CEST)
- Eg syns det høyres og ser betre ut med ubunden form. Det er òg i trå med liknande emne. Me kalla det t.d. ikkje Geografien i Hordaland. --Frokor 14:47, 9 april 2008 (CEST)
- Hm, ok. Eg startar omdirigeringa. --Harald Khan Ճ 16:26, 9 april 2008 (CEST)
[endre] Topper i Herøy
Hei og takk for fine artiklar om barndomsheimen min!
Eg fjerna høgda frå Sør-Herøy tidlegare i dag (og eg ser du har funne ei høgd eg trur meir på), men eg er også litt overraska over høgdene du har på Ytre Øksningan og Vardøya i Herøy.
Eg finn ingen god referanse for dei 119 moh eg trur Vardøya er; WWV er vel nærast; men eg har alltid lært at høgaste punktet i Herøy er på Vardøya, og eg er temmeleg sikker på at det er godt over 66 moh.
På Ytre Øksningan har eg sjølv ofte stått på Innerøyfjellet og sett opp på Stortuva. Etter et kart eg har, er Innerøyfjellet 87 moh (som du har), mens Stortuva er 98 moh.
goNorway seier «Stortuva is the highest summit in Herøy,» noko eg altså tvilar på, men fortset «Stortuva, 98 metres above sea level».
Eg sjansar på å endre til Stortuva, 98 moh, på Ytre Øksningan, men kan eg be deg sjekke Vardøya ein gong til? — the Sidhekin (d) 19:15, 13 april 2008 (CEST)
- Joda, du har nok rett. Eg har berre nytta karta på Norgesglasset og tatt eit raskt overblikk. Høgaste topp er nesten alltid avmerka, men i desse tilfella var Stortuva gøymd bak namnet på øya, medan toppen på Vardøya ikkje var avmerka i det heile tatt (med mindre ein zoomar inn på det lågaste nivået).
-
- Ah, godt å høyre. Takk igjen! :) — the Sidhekin (d) 20:31, 13 april 2008 (CEST)
[endre] Sider med "dobbel" iw-lenkjing
Når det fins mange iw-lenkjer på ei side, kan det henda at ein bott endar opp med to eller fleire iw-lenkjer som for botten begger verker rette. Eg har vanskeleg for å finna eit godt døme, men slike artiklar finn eg ofte; t.d. verka ikkje botten på romsonde slik at eg måtte manuelt avgjera kva som var rett og kva som var gale. Normalt so køyrer eg han ikkje manuelt då det kan ta skrekkeleg lang tid å koma seg igjennom alle forslaga som kjem fram. Attentat virka heller ikkje autonomt. --Harald Khan Ճ 19:31, 18 april 2008 (CEST)
- Ja, eg kjem stundom over desse eg òg. Stundom vert det òg problematisk når to artiklar på eitt språk vert slått saman til ein artikkel på eit anna språk. Korleis ein bot skal handsame dette veit eg diverre ikkje. --Frokor 19:45, 18 april 2008 (CEST)
- No fekk jo eg aldri mi robot til å virke, men roboten din fann vel ein eller annan lenkje til space shuttle, slik at det vart feil, det skjer stundom. Ein skal kunne be roboten hoppe over slike problemlenkjer og gå over til neste, om ein ikkje vil prøve å løyse opp manuelt. Men snakk med ZorroIII på bokmålswikipediaen, han kan vel hjelpe. Anders 19:58, 18 april 2008 (CEST)
-
- No har eg faktisk retta alle romsondeartiklane manuelt utan bot; det gav ikkje akkurat meirsmak. Ang. å hoppa over problem, so er det kommandoen "-autonomous" gjer, og det er den modusen er plar køyra han i. Problemet er at botten min ikkje vil leggja til lenkjer på en viss han kjem borti slike problem, men i staden hoppa over heile artikkelen. --Harald Khan Ճ 20:47, 18 april 2008 (CEST)
- Det er nok meininga at robotane skal hoppe over slike artiklar. Ein kan jo leggje til lenkje til nn sjølv i slike artiklar, men dei kjem nok ikkje til å spreiiast i det fri før floka vert laust manuelt likevell - diverre... Anders 22:34, 18 april 2008 (CEST)
-
-
-
- Nettopp, det er det eg ikkje er nøgd med :-@ Alt som trengst for å starta ei floke igjen er at nokon legg til ei feil lenkje på en slik eitt enkelt språk får to iw-lenkjer (via den gale iw-en); og når ei side har 15 iw-lenkjer tek det si tid å finna den skuldige. --Harald Khan Ճ 22:41, 18 april 2008 (CEST)
er åtvara, bør nok blokkast for ei stund om det held fram Finn Rindahl 10:59, 22 april 2008 (CEST)
[endre] Byråkratgjerning
Du kan jo prøva deg ved å setta flagg på Andersbot... eg har sjekka at bidraga er bra, elles er det berre å endra status under spesial, setta inn mal:robotar på Wikipedia på brukarsida, og føra botten inn i malen. --Ranveig 19:04, 22 april 2008 (CEST)
- Det var ikkje så vanskeleg når eg først fann ut kor verktøya låg :-) --Frokor 19:09, 22 april 2008 (CEST)
- Takk skal du/de ha. Anders 20:21, 22 april 2008 (CEST)
- Gratulerer med byråkratskapet! ;) — H92 (d · b · no) 21:29, 23 april 2008 (CEST)
- Takk for det! --Frokor 21:40, 23 april 2008 (CEST)
Eg ser du driv med fjell om dagen. Kjenner du denne lista over 2000-metere i Noreg? Eg synest ein primærfaktor på 10 er noko snaut, 20 er vel vanleg? Men hadde ikkje dette vore ei fin liste for oss å ha? (Og som du skjønar, eg har så grueleg dårleg tid om dagen.....) --Ekko 09:23, 23 april 2008 (CEST)
- Nei, eg har ikkje sett den. Men har observert at dei på en-wiki stundom refererer til toppomania.info. Her er ei liste over dei tusen høgaste fjella i Noreg med primærfaktor over 50 m. I tillegg har dei ein del andre interessante lister. T.d. norske fjell med pf over 1000 m, dei 25 høgaste fjella i kvart fylke, høgastliggande kommunar, høgastliggande innsjøar. I tillegg har dei sjølv rekna ut sekundærfaktoren til enkelte fjell (dvs kor langt ein må flytte seg i horisontal luftlinje før ein kjem til eit høgare punkt, Galdhøpiggen t.d. 1570 km). Det hadde jo vore kjekt med ein del av desse listene, både tusen høgaste fjelle og høgaste fjell per fylke. Korleis det vert med opphavsrett og om ein berre kan "kopiere" desse listene er eg derimot usikker på. Dei skriv at dei stort sett har nytta 1:50 000 karta til kartverket, så det er vel kanskje ikkje noko stort problem? --Frokor 10:34, 23 april 2008 (CEST)
-
- Gjer me eit sjølvstendig arbeide med sjekke opplysingane, og i tillegg oppgjev dei som kjelde, må det vel vera greit? --Ekko 10:39, 23 april 2008 (CEST)
-
-
- Ja, eg vil no tru det. --Frokor 10:41, 23 april 2008 (CEST)
[endre] Venskapstoppen
Hi, it seems like you translated Venskapstoppen from en:Friendship Peak. As we figured out in the mean time, that is really the same mountain as the en:Khüiten Peak (Khujtnij orgil). As far as we can tell (the sources don't all agree), the mountain in the border triangle is most often called en:Tavan Bogd Uul. As we couldn't find any reliable information about the other three peaks of the massiv, I've removed their names from the enwiki articles. One of the triggers for that reevaluation was this map (non-permanent link), which a dewiki user found in a soviet atlas. Sorry for the previous confusion... --en:User:Latebird 19:26, 23 april 2008 (CEST)
- Thank you for the information. --Frokor 19:30, 23 april 2008 (CEST)
[endre] Isenthalpic process
Du veit sikkert kva «isenthalpic process» heiter på vårt målføre? --Sigmundg 18:16, 25 april 2008 (CEST)
- Isenthalpic tyder «med konstant entalpi», men heilt kva dette uttrykket vert er eg ikkje sikker på. Det heiter jo ein isoterm, isobar, isokor prosess, men isotalp prosess høyres litt rart ut. Isotalpisk prosess kanskje? --Frokor 19:08, 25 april 2008 (CEST)
- Eg ser at WP på bokmål under «Se også» har ført opp «Isoentalpisk prosess» i artikkelen Isobar prosess, men dei har ingen artikkel enda. Eg har nytta «isenthalp prosess» her førebels, men kanskje «isoentalp prosess» kling betre på norsk? Vi får tenkja på det. --Sigmundg 19:54, 25 april 2008 (CEST)
- Eg fann «isoentalp» i ein omtale av eit fysikkfag på NTNU, så det er nok kanskje riktig. --Frokor 19:56, 25 april 2008 (CEST)
[endre] Request for rename username
Hello. I'm Rh-Kiriki, sysop on jawp. I want nnwp username unite jawp username. Would you like to rename my username to "霧木諒二 (Listusers Rename)"? Best regards. ―Rh-Kiriki (user:霧木諒二) 02:07, 28 april 2008 (CEST)
- Done :-) --Frokor 09:57, 28 april 2008 (CEST)
- Thank you very much.
―霧木諒二 10:12, 28 april 2008 (CEST)
[endre] Interwikilenkjer
Eg ser du har iw-lenkja Kategori:Coloradoplatået til en:Category:Plateaus of the United States, slik at den lenkja vart feil på engelsk og no, vil du rette opp i det? Anders 17:58, 28 april 2008 (CEST)
- Slik. --Frokor 18:04, 28 april 2008 (CEST)
- Takk! Eg vart litt stressa no ettersom boten min akkuratt var oppe til "review" på engelsk wp. Den lenkja var noko av det første han fann, men det gjekk visst bra. Anders 00:57, 29 april 2008 (CEST)
[endre] Kategori og IW
Enn so lenge er det ikkje mogleg for ein bott å sjekka nyoppretta kategoriar; dei dukkar nemleg ikkje opp på Spesial:Nye sider. --Harald Khan Ճ 20:29, 4 mai 2008 (CEST)
- Ok. --Frokor 20:31, 4 mai 2008 (CEST)
- Eg ser ikkje spørsmålet, men den einaste måten på å sjekka nye kategoriar for iw, utan å måtte sjekka heile kategoritreet, er å køyre dei nyoppretta gjennom boten ein for ein. Anders 22:46, 4 mai 2008 (CEST) Anders 22:46, 4 mai 2008 (CEST)
- Jau. Nei, det var ikkje noko spørsmål, men eg tenkte berre at eg skulle seia ifrå sånn kategoriane på nn blir lenkja til før neste gong nokon køyrer igjennom heile greia. :-) --Harald Khan Ճ 07:56, 5 mai 2008 (CEST)
[endre] Bot on nn.wiki
Hi! Thanks for your message on it.wiki! :) Bye! --Ginosal 20:30, 5 mai 2008 (CEST)
[endre] Bot status för nn:MagnusA.bot
Tack för bot status. Jag skall köra försiktigt. :-) --MagnusA 12:32, 8 mai 2008 (CEST)
Hi. I saw you using a bot to create many articles on this wiki. Could you tell me please what is the programme you're using ? Thanks a lot. --125.24.85.175 11:24, 10 mai 2008 (CEST)
- Then you must talk to Harald Khan, who is running Khanbot, I'm only working manually. --Frokor 11:25, 10 mai 2008 (CEST)
[endre] Replikk?
18:00, 10 mai 2008 Tequila (hist) [6 471 byte] Frokor (Diskusjon | bidrag) (frå en)
17:59, 10 mai 2008 Totalfråhald (hist) [307 byte] LeFrere (Diskusjon | bidrag) (Ny side: Totalfråhald...
Kanskje berre meg, men eg syntest "nye sider" vart litt artig i dag... ;o) Visar i alle høve mangfald, Finn Rindahl 19:46, 10 mai 2008 (CEST)
- Så det er ikkje berre eg som har enkel humor! Denne var god. --Ekko 19:58, 10 mai 2008 (CEST)
- Haha, det var faktisk heilt tilfeldig. --Frokor 00:27, 11 mai 2008 (CEST)
- Den var verdt å
marke merke seg, ja...! :-) Olve 01:54, 11 mai 2008 (CEST)
[endre] Endre namn på vandalbrukarkonto
Kan du vurdere å endre namn på denne brukarkontoen? Det er ein kjend vandal frå rundt omkring på Wikimediawikiane, som lagar brukarkontoar med slike namn. Sjå t.d. [1] og nokre kontoar på en.wikipedia --Jorunn 12:20, 13 mai 2008 (CEST)
- Brukaren vandaliserte ein del artiklar og brukarsidar seint i går. Anders 13:02, 13 mai 2008 (CEST)
- Endra det til Telefonkabinen i mangel på betre forslag. --Frokor 14:11, 13 mai 2008 (CEST)
- Takk. --Jorunn 11:36, 16 mai 2008 (CEST)
[endre] Oppdatering av folketal etc. i artiklar om tettstader
Går det å oppdatere folketal, areal og folketettleik i artiklar om tettstader på same viset som du ordna oppdateringa av folketalet i kommuneartiklane? SSB sender ut oppdatert tettstadstatistikk ei gong i året, (i år skal han kome 5. juni), der står desse tala. SSB har gjeve kvar tettstad eit nummer. Det eg lurer på om det går å leggje inn eit valfritt felt for det nummeret i Mal:Infoboks norsk stad slik at infoboksen brukar tettstadnummeret når han hentar oppdaterte tal frå ein tabell? Det er ikkje fleire tettstadartiklar med den malen enn at eg kan leggje nummeret inn manuelt i artiklane, men eg er ikkje i stand til å verken fikse sjølve malen, eller lage tabellen, så om det er gjennomførleg og du har tid og lyst, kan du hjelpe? --Jorunn 11:36, 16 mai 2008 (CEST)
- Det vil eg tru skal gå bra ja. Eg skal ta ein kikk på det så snart eg får tid (og det blir nok ikkje i dag). --Frokor 12:13, 16 mai 2008 (CEST)
- Eg prøved malen med tettstadnummer i artikkelen Tyssedal, men eg fekk det ikkje til å virke. --Jorunn 10:30, 19 mai 2008 (CEST)
[endre] Londontåka
Eg la inn ein stutt bolk om Londonskodda i artikkelen om London. Dette er ikkje mitt felt, så eg ville setta pris på om du sette på deg meterologbrillene og tok eit kritisk blikk på ham. --Sigmundg 23:36, 18 mai 2008 (CEST)
- Eg las det medan du skreiv her. Såg greit ut det. Funderer på kva som gjer at akkurat London er så utsett for dette problemet. Skulle tru andre storbyar ville ha liknande problem. Eller det har dei jo, men ikkje på same måten og ikkje så langt bakover i tid så vidt eg veit. Kan vere stor tilførsel av fukt frå havområda rundt som gjer det. Veit du om det berre var i periodar om vinteren, eller var problemet like stort heile tida? --Frokor 23:41, 18 mai 2008 (CEST)
- Nei, eg veit eigentleg ikkje så mykje om det, anna enn at eg har sett at farga på lufta over byen kan variera noko (budde ikkje så langt unna Heathrow eit par år). At London fekk dette problemet tidlegare enn andre byar vil eg tru heng saman både med storleiken på byen og at den industrielle revolusjonen tok til tidlegare i England enn mange andre stader i Europa. Men andre byar har same problemet. Lyon er svært utsett på sumaren og det er ikkje uvanleg at det vert innført restriksjonar på trafikken der. Har sjølv sett det ein gong eg for forbi, men om eg hugsar rett (det kan eg ikkje garantera) var farga meir grå enn eg har sett i London. Ein gong eg kom nordfrå på vinteren låg det eit lokk med grå skodde/smog over Oslo (berre over sjølve byen), men det var berre synleg før ein kom dit. --Sigmundg 00:06, 19 mai 2008 (CEST)
- Ja, det er ofte eit problem mange stader om vinteren i høgtrykksituasjonar, eller i høgtrykkssituasjonar generelt, fordi lufta då er så stabil at temperaturinversjonen fungerer som eit lok og ikkje slepp lufta ut. Får ein litt vind forsvinn vanlegvis tåka, og for område med mykje smog vil eg tru lufta blir noko betre også. Eg vil gjette på at problemet er størst i London på kalde, stille dagar. --Frokor 00:14, 19 mai 2008 (CEST)
- Kva med kolfyringa? At kvar enkelt husstand fyrte med kol må jo ha gjeve enorme partikkelutslepp. Kan det vera slik at andre store byar fyrte meir med t.d. gass? --Ekko 08:40, 19 mai 2008 (CEST)
- Det kan godt vere forklaringa på at det var verre i London, om det var slik at det var verre i London. Utsleppa etter kolfyringa innaheldt nok store mengder ørsmå partklar som kan fungere som kondensasjonskjerner for fuktig luft. Visst det er mange nok av dei kan den fuktige lufta kondensere på så mange partiklar at dei ikkje veks til store dropar, men berre vert verande små tåkedropar. Fuktig luft har i tillegg ein tendens til å "kondensere betre" på somme partiklar enn andre. Kanskje kolrøyk fungerer slik. Verre i stabil luft vil uansett tilhøva vere. --Frokor 16:57, 19 mai 2008 (CEST)
Hi! I'm a Hungarian Wikipedia editor, my name is Norbert Kiss. I'm very proud of my village and I would like to read about it in a lot of languages. I translated already it into 10 languages (there is already also a Bokmål translation) but I can't speak Nynorsk. Could you help me? My village's Norwegian (Bokmål) page is this: Ecser. Could you translate the page of Ecser into Nynorsk? Then just link the side into the English version and I will see it, or you could write me, when it is ready. My Hungarian Wikipedia side is: My profile.
Thank you! Norbert
[endre] Tekstposisjon i Mal:infoboks norsk stad
Eg får ikkje tekstposisjonfunksjonen til å fungere i Mal:infoboks norsk stad. Korleis får ein flytt teksten i t.d. Kirkenes og Langangen ? --Jorunn 5. juni 2008 kl. 12:54 (CEST)
- Då virkar det. Malen var feilkoda, men hugs at du diverre må bruke engelsk (left, right, bottom, top eller none). Default er right.
-
- Takk.
- Nytt 'problem': Når namnet er to ord, av ei viss lengd, vert det linjeskift i teksten på kartet. Då dekkjer bakgrunnsfargen til siste delen av namnet dels over teksten med fyrste del av namnet (og om ein legg teksten på oversida av prikken (top) dekkjer siste delen av namnet og tilhøyrande bakgrunnsfarge over prikken). Sjå t.d. Vestre Jakobselv og Indre Arna. --Jorunn 5. juni 2008 kl. 22:31 (CEST)
-
- Ordna det seg med dei to døma du viser til? Eg ser ikkje kva du meiner. Det ser fint ut hos meg. --Frokor 5. juni 2008 kl. 23:24 (CEST)
-
-
-
-
- For meg ser det framleis slik ut, då har det vel noko med nettlesaren eller skjermoppløysinga eller noko slikt å gjere. --Jorunn 5. juni 2008 kl. 23:34 (CEST)
- Var gamle-Opera som var syndaren. Ser fint ut i Firefox. --Jorunn 5. juni 2008 kl. 23:38 (CEST)
-
-
- Kom på at eg kunne bruke «none» som teksposisjon, då forsvinn problemet, i lag med litt informasjon. Det er einaste måten er klarer å fikse det på. Prøvde å skrive «X avemerka med raud prikk på kart over Y fylke» i feltet karttekst, men det kom ikkje med i infoboksen, reknar med at karttekstfeltet ikkje er operativt når kartet vert lagd inn 'automatisk'. --Jorunn 5. juni 2008 kl. 22:43 (CEST)
- No skal det vere lagt til karttekst òg. Ser det kjem ei ekstra rame rundt kartet, men det ser ikkje så gale ut likevel. --Frokor 5. juni 2008 kl. 23:24 (CEST)
-
-
-
-
- Takk, trur kanskje eg likar denne gammaldags-Smørbukkmåten å ha teksten på betre, altså under kartet. Somme tider dekkjer teksten over detaljar i kartet (men då er vel det også kanskje grunna nettlesaren eller noko anna her hjå meg). --Jorunn 5. juni 2008 kl. 23:34 (CEST)
Takk for at du lagde mal for flaget til Romania og la det inn i EM-artikkelen! Martin NH 17. juni 2008 kl. 19:28 (CEST)
- Og takk for hjelpa med biletet! Martin NH 1. juli 2008 kl. 17:06 (CEST)
-
- Joda, berre kjekt det! Berre spør om du treng meir hjelp. Eg har lagt igjen ein kommentar på diskusjonssida. --Frokor 1. juli 2008 kl. 17:10 (CEST)
[endre] Mal norsk avis
Eg spør deg, ettersom eg ser du har rota mykje borti mal-namnerommet i det siste. Eg skal greie det tekniske her (sjølv om malsyntaksen til MediaWiki er hårete sjølv for ein som har jobba 10 år som programvareutviklar), men eit litt praktisk spørsmål:
Eg har lagt inn opplagstal for norske aviser som er medlem av Mediebedriftenes landsforbund inn i Mal:Opplagstal norske aviser. Men så ser eg at dei fleste avisene nyttar malen Mal:Infoboks publikasjon (som jo gjerne kan vere The Sun, som ikkje er medlem).
Kva er det mest ryddige? Lage ein ny mal som heiter Infoboks norsk publikasjon (eller avis?), eller bruke den som finst og gjere opplagstalet opsjonelt? --Bep 23. juni 2008 kl. 23:07 (CEST)
- Det enklaste er vel å halde fram med den same malen og gjere opplagstalet valfritt. Uansett er det ein jobb å oppdatere avisartiklane med anten ein ny mal eller kople dei til opplagstal-malen, men det er no ikkje så altfor mange (slik som norske tettstader som me held på å oppdatere på same måte). --Frokor 24. juni 2008 kl. 06:29 (CEST)
[endre] Kategorikorrektur
Takk for god kategorikorrektur. stykkjet 1. juli 2008 kl. 15:10 (CEST)
- Berre hyggeleg :-) Frokor 1. juli 2008 kl. 15:41 (CEST)
[endre] Blir det sol i Oslo i morgon?
Ettersom vêrvarsla har vore lite pålitelege i det siste, så freistar eg "the wikipedia way". :-) --Bep 1. juli 2008 kl. 21:50 (CEST)
- No har eg ikkje vore på jobb i dag så eg har ikkje alt eg treng for å vere heilt påliteleg hehe. Men eg er nesten heilt sikker på at det blir mykje sol ja. Kanskje heng det igjen nokre skyer tidleg på morgonen, men av det eg kan sjå er det ikkje så mykje som tyder på at desse ikkje forsvinn tidlig på formiddagen. Fin temperatur også, omkring 24-26 ºC midt på dagen. --Frokor 1. juli 2008 kl. 22:10 (CEST)
[endre] Datamaskin → タチコマ robot
I own both accounts. This request is to unify all of my bot accounts for SUL. Thanks. -- Cat chi? 11. juli 2008 kl. 12:50 (CEST)
- Done. --Frokor 11. juli 2008 kl. 13:02 (CEST)
[endre] Russlandportal??
Hei Frokor, eg ser du har noko på gong... Vert det nokon Russlandportal/tema/emne ut av det, trur du? Anders 12. juli 2008 kl. 00:49 (CEST)
- Det skulle vel vere ein sjans for det når eg er ferdig. Lagar ein oversikt no først. Blir ei lang liste, men det var som venta. Vart litt langdrygt å lage lista då, så eg tek meg ein pause. Men når ho er ferdig så har eg i alle fall spart mykje tid seinare. --Frokor 12. juli 2008 kl. 00:53 (CEST)
- Fint, då ser eg fram til den og kanskje ein norsk fysikkportal om meterologi etterpå? :) Anders 12. juli 2008 kl. 01:19 (CEST)
[endre] Største innsjøar i Noreg
Vi har ein liten fylgjefeil/inkonsistens i kva som er Noregs største innsjøar. Denne lista [2] frå NVE har Øyeren som 13nde største (ein del er ikkje rekna med), medan vi i Øyeren seier at den er den niande største, jfr Innsjøar i Noreg. Altevatnet er dermed ranka inkonsistent som tiande største på nb og nn.
Eg skriv om dette her fordi eg trur du må vere rette mann til å finne ut av kva for liste som skulle vere normerande her, men problemet har nok oppstått på nn:wiki som fylgjefeil frå nb:, og dels blitt med over til en: også. Finn Rindahl 13. juli 2008 kl. 12:15 (CEST)
- Ja, eg ser dette. I artikkelen er databasen til NVE (over alle innsjøar, ikkje berre dei største) nytta som kjelde. Det står derimot at Øyeren er kring 73 km² (noko som skulle stemme med 13. største) i denne databasen no. Kanskje han har vorte endra i tida etter den opphavlege artikkelen vart laga. Eg trur ikkje talet som står på Øyeren i artiklane på nn og nb er direkte feil, ser ut til å vere eit definisjonsspørsmål om Svellet, den nordlegaste delen, skal vere med eller ikkje. NVE definerer altså ikkje Svellet ikkje som ein del av Øyeren. Kikkar ein på kart over området ser ein at mellom Svellet og Øyeren ligg tre vassvegar, Rusholet, Storråka og Nitelva. Nitelva er jo ei elv sjøvlsagt, men i følgje Norgesglasset er Rusholet og Storråka sund mellom dei to vassområda. Det bør nok uansett nevnast i artikkelen om Øyeren, men det gjer det litt verre med lista. Det enklaste er berre å gå for og vise til NVE, særleg sidan det står i artikkelen at lista er bygd på data frå NVE. --Frokor 13. juli 2008 kl. 12:36 (CEST)
- Høyrest fornuftig ut. Om kva som ligg attom dei to storleikane til Øyeren vert gjort rede for i artikkelen kan ein sette ei note i lista som visar til ei anna rangering frå 9 til 13.
-
- Eit anna spørsmål og norsk geografi, eg ser at du har oppretta rett mange artiklar om fjell i Troms, kva for kriterium nytta du for å velgje desse ut (ser ikkje ut som det berre handlar om høgd eller "høgast i XX")? Er det noko primær-/sekundærfaktor eller slikt? Tenkjer å stjele desse over til nb:, for heller sjå om eg finn nokre høvelege nb: stubbar om et eller anna som eg kan leggje andre vegen som takk for hjelpa ;o) Finn Rindahl 13. juli 2008 kl. 12:59 (CEST)
-
- Det skulle ellers ha vore ei fornuftig peikerside på Blåtind/Blåtinden... Finn Rindahl 13. juli 2008 kl. 13:55 (CEST)
-
-
- Fjella i Troms er dei som er nemnd i Fjell i Troms, Fjell i Noreg og Høgaste fjell i Noreg etter primærfaktor. Kanskje også nokre som var på nb frå før og på engelsk. --Frokor 13. juli 2008 kl. 18:54 (CEST)
[endre] Rogaland2.png
Har lagt ei melding på commons òg, du har flytta sørgrensa til Hordaland eit stykke. Eg er usikker på kva Vindafjordingane meiner om det. --Ekko 23. juli 2008 kl. 17:29 (CEST)
|