Brukardiskusjon:Bep


Innhaldsliste

[endre] Velkommen!

Velkommen ombord, Bep! :-) -- Olve 22. jan 2005 kl. 2309 (UTC)

Hei Bep, og hjarteleg velkommen til nynorsk Wikipedia!

Flott at artikkelen i Sogn Avis hadde effekt. Eg har svara på spørsmålet ditt på brukardiskusjonen min, ellers er eg ganske sikker på at dei treige tenarane går ut over produktiviteten her. Me får håpa sogningane besøker sida utanfor "peak hour", når det er som treigast.

Kvifor skal sogningane besøka sida når det er som treigast? :-) --Bep 19. des. 2005 kl. 18:35 (UTC)

Dersom det er noko du lurar på så berre spør, Wikipedia:samfunnshuset blir ofte brukt til diskusjon. --Guttorm 22. jan 2005 kl. 2318 (UTC)

Velkommen frå meg òg! Det ser ut som om me kan venta oss mange fine artiklar frå din kant. Ranveig 22. jan 2005 kl. 2322 (UTC)

Bjarteleg velkomst frå meg òg! 23. jan 2005 kl. 1155 (UTC)

Ein ny velkomst frå meg — velkommen som enda ein namngjeven bidragsytar! :-) -- Olve 16. feb 2005 kl. 2027 (UTC)

[endre] Søketilleg til Mozilla / Sherlock

Hei Bep, oppdaga ikkje spørsmålet ditt om søketilleg før i kveld. Clue søketilleget fungerar ikkje lenger sidan Clue har endra på oppsettet, kjem nok til å fiksa dette om ikkje så alt for lenge, men kan ikkje garantera noko. Slik som det ser ut så trur eg eigentleg du klarar det fint sjølv også (så lenge det framleis er mogleg). Sida med alle tilleg ligg hjå it's learning. Eg trur det har fungert tidlegare, men akkurat no blir ikkje html-filene lest som HTML, du får sjå om det fungerar for deg. Dersom det er nokre nyttige søkesider som du ikkje finn her så kan eg kanskje fiksa dei i same slengen som Clue. --Guttorm 3. feb 2005 kl. 2154 (UTC)

Takkar for svar. URLen du gav meg (...searchpl...) har ikkje HTML som "contenttype" og eg blir nøydd til å laste den ned lokalt... Og det gir meg lite... Men takk likevel... Tips meg dersom det blir ei endring på denne stoda. --Bep 3. feb 2005 kl. 2204 (UTC)

[endre] Kjønn på jarnbane og andre nynorskord

Hei :-) Jarnbane kan vera hannkjønn eller hokjønn på nynorsk. [1] Det er fint om du kan sjekke med Nynorskordboka før du erklærer noko som feil. Når dét er sagt, så står du sjølvsagt fritt til å endre språket som du vil, så lenge du gjer dette med «ærlege hensiktar» og med respekt for generell språkform i artikkelen... :-) -- Olve 17. feb 2005 kl. 1839 (UTC)

Takkar for attendemeldinga. Skal følgje dette prinsippet. Men for meg høyrest "ein jernbane" feil ut. Men dette er vel bakdelen med nynorsk - for mykje fridom. --Bep 17. feb 2005 kl. 1844 (UTC)
Nja... «Jārnbāniņņ» hørest nå brā ut på nǫɽmöriŋ... Sidan nynorsk er nærmaste skriftspråket for dei fleste norske dialektane utom nokre austlandsbyar, så blir det no lett litt vid variasjon òg. :) -- Olve 17. feb 2005 kl. 2201 (UTC)
Kan ikkje me heller seie det slik: Ved valfrie former; ta det som ligg nærast Sognamaolet. :-) --Bep 18. feb 2005 kl. 1657 (UTC)
Tja... Sønndāɽeŋ kaņņ vāra eiţţ viņņle kompromiss, tycce-nå ī — Dā kaņņ-ǫss hā fǫrme så baot å aora, å samtīle kaņņ vi hā ein jārnbāne — šøɽ om jārnbāniņņ nērast Sønndāɽa bære gaor åt Oppdāɽ... ;-) -- Olve 18. feb 2005 kl. 2055 (UTC)
Skjønte ingenting av det der; det får vere eit prov på at Sognamaolet får vere ein mal. Me vil vel at folk skal forstå det som står? :-) --Bep 18. feb 2005 kl. 2100 (UTC)
Nja... eg rekna no i grunnen med det. <breitt glis> Her er ei omsetjing: «Tja... Sunndalsdialekt kan vera eit greitt kompromiss, synest no eg — da kan vi ha former som ‘baot’ og ‘aora’, og samtidig kan vi ha ein jarnbane — sjølv om jarnbanen som er nærmast Sunndalen berre går åt Oppdal.» Kanskje eg burde starte ein nordmørswikipedia og få alle saman på nakken...? ;-> -- Olve 18. feb 2005 kl. 2107 (UTC)
I au har jernbane som hankjønnsord. I trur mange dialekta har de. De e vel grunn'n te at de e valgfritt mællom hankjønn og hokjønn på standard nynorsk. De e mykje valgfrihet på nynorsk, kanskje for mykje, men de e einn myte at de e "bedre" på bokmål. Dæm greie ikkje å bestæmme se for om dæm ska ha to æller tre kjønn eingang, så dæm skifta mællom a-ænding og en-ænding i bestæmt form eintall av hokjønnsord i annakvær sætning. --Erling 18. feb 2005 kl. 2122 (UTC)
Sjå, der fekk vi (hovudsakleg) [sunndals]øramål òg (såvidt eg kan sjå)... :) No er no eg betre på ytre nordmørsmål, så om 1800-talsvarianten min av sunndalsmål er litt ustø, så får du berre rette/tilgje meg der :) -- Olve 18. feb 2005 kl. 2150 (UTC)
Godt gjetta, Olve! Berre to ord i den halvveges lydskriftteksten min ovafor er annleis på Sunndalsøradialekt. Dei seier ikkje i men e for eg, og ikkje au men å for også. Eg har budd tjue år på Sunndalsøra, men er opphavleg frå Molde. Dialektene på dei to plassane er faktisk svært like, bortsett frå at sunndalsøringane har kløyvd infinitiv og austnorsk trykkplassering. Ordet dialekt er vel elles eit anna ord som har valfritt kjønn på nynorsk - hos meg er det hokjønn. No skal vi vel ikkje bruke meir plass her hos han Bep til dette. Poenget er at nynorsk byggjer på mange dialekter, er ein samnemnar for dei, og har eit visst rom for variasjon etter kva dialektbakgrunn språkbrukaren har. Om dette rommet er blitt for stort, kan vi godt diskutere, men valfritt kjønn på nokre få ord, synest eg ikkje er noko problem. --Erling 18. feb 2005 kl. 2221 (UTC)
Dër jæ kommer i fra ër jærnbane kunn hannkjønnsord. Jæ har bëstandi' trudd att Flåmsbanæ var dialëktordë' forr Flåmsban'n. Så feil kann'n ta når'n bur på dænn gærne siæ a' fjëllë'. (ë=e som i 'te', rn er den samansmelta austlandslyden av rn, rd og l = tjukk l) --Kristian André 19. feb 2005 kl. 0038 (UTC)
Det viser seg at ordet dialekt berre er hankjønn på standard nynorsk. Det trudde eg ikkje, for eg meiner da at det ikkje berre er på mi(n) dialekt at ordet er hokjønn. Men der ser de, valfridommen er ikkje så (altfor) stor likevel! Til slutt litt meir info om sunndalsdialekt: Oppi Sunndalen seier dei faktisk i for eg og au for også slik eg som romsdaling gjer, men i resten av Sunndal kommune er det e for eg og å for også. No får eg ta og skrive ein liten artikkel om sunndalsdialekten, trur eg. --Erling 19. feb 2005 kl. 0751 (UTC)

[endre] Stemmegjeving

Hei Bep, eg ser du har stemd på Wikipedia-diskusjon:Interwikilenkjer, det er flott, men eg får ikkje alle stemmene dine heilt til å stemma ;)

Du er ueinig i både "Interwikilenkjene bør primært organiserast alfabetisk etter språkkode" og "Interwikilenkjene bør primært organiserast alfabetisk etter eige språknamn slik det blir vist i språklista". Eg reknar med du har plassert stemma di feil ein av stadene, men dersom du er ueinig i begge utsagna, korleis tykkjer du då at interwikilenkjene skal organiserast? Andre alternativ eg kan tenkja på er etter Wikipedia-størrelse, etter kor utbreidd eit språk er i verda, eller etter geografisk nærleik. --Guttorm 18. feb 2005 kl. 2159 (UTC)

Stemma er ikkje plassert feil. Eg er usamd i begge dei alfabetiske sorteringane. Som nynorsk-brukar ynskjer eg å ha dei språka som nomalt ligg nærast meg i toppen (skandinavia + england + tyskland osb. (eg har ikkje tenkt nøye over denne sorteringa)). Eg kan tenkje meg at ei slik prioritering blir subjektiv, så kanskje det rette vli vere å halde denne subjektiviteten innan skanwiki. Men stemmegjevnadar er jo subjektive, så mi stemme er satt...

[endre] Sitat

Hei, flott at du bruker sitatsystemet! Det ville vore flott om du kunne leggja til litt meir informasjon om kvart av sitata, og gjerne kva som blei sagt opphavleg, dersom det var på eit anna språk. Om du har samanhengen dei kom fram i er dét best av alt; elles er kjelden du tok akkurat det sitatet frå heller ikkje til å forakta.

Eg har nyleg teke til med å leggja dette inn på same sida som sjølve sitatet ligg på, altså i malen. Ekstrastoffet blir ikkje vist andre stader ved at ein bruker taggen <noinclude> </noinclude> rundt. -- Ranveig 27. des. 2005 kl. 08:39 (UTC)

Eg skal rydde opp i dette når eg kjem meg attende frå juleferien... --Bep 29. des. 2005 kl. 11:51 (UTC)

[endre] Magnus fekk medaljen sin

Heisann! Bra du følgte med på artikkelen om Magnus Moan! Dreiv og sjekka at alle hadde fått OL-medaljane sine i artiklane våre, men så hadde ikkje han nokon artikkel frå før. Og så gløymde eg visst å oppdatere den uoppdaterte bokmålsversjonen da eg omsette! :) Fint du oppdaga det!! --Erlend 6. mars 2006 kl. 22:22 (UTC)

Det skulle no berre mangle. Sjølv takk, får eg seie: Det er sjølvtilfredsstillande å finne manglar i andre sine artiklar... --Bep 7. mars 2006 kl. 21:41 (UTC)
Hehe, fint å kunna bidraga til å betre sjølvbiletet ditt :P --Erlend 8. mars 2006 kl. 12:15 (UTC)


[endre] Sogn Avis

Hei, kunne du ta ein kikk på denne igjen? Eg attenderulla ei endring frår ei anonym adresse i dag, men fann ingen oppgjevne kjelder eg kunne sjekke kva var rett. Eg satte difor inn kjelde manglar-malen. Kan du sjekke opplysningane dine så me finn ut kva som er rett? Anders 19:47, 7 februar 2008 (CET)

Eg har sett inn ei kjelde, og justert talet i høve denne. Ref. medieregisteret.no eig Firda AS 10,5 prosent av Sogn Avis. Firda er 100 prosent eigd av A-pressen. Det var eg som skreiv 11 prosent, og eg var kjelda for den opplysningen. Eg jobba i Sogn Avis då A-pressen kjøpte seg inn, og talet på trykk i Sogn Avis den dagen (eg gjorde eit intervju med dåverande redaktør) var 11. Me runda nok opp, eller så har dei solgt nokre aksjar i mellomtida.. Jaja. --Bep 21:10, 7 februar 2008 (CET)

[endre] BepBot

Hei, håper du får botflag på denne på no.wiki snart :) Flums 11:54, 23 april 2008 (CEST)

[endre] en:User:BepBot

On English Wikipedia, bots need to be approved before running. Your bot has been blocked from editing until it has approval. Thanks for your understanding. Kylu 05:09, 24 april 2008 (CEST)

[endre] Botflagg på bokmålspediaen

Du har no botflagg på bokmålsutgåva. Jeblad 02:24, 27 april 2008 (CEST)

[endre] Tower of London

Bra jobba. Måtte berre forklare at når eg skreiv "Rett utgåve" i samandraget så var det fortid eg trudde eg hadde lagra feil utgåve først på grunn av ein endringskonflikt. Men så hadde eg ikkje det likevel. Så no såg det berre veldig overlegent ut av meg slik det stod no hehe. --Frokor 19:23, 28 april 2008 (CEST)

Heilt OK, ser du språkvaskar litt - flott. Eg vart litt "trøytt" på slutten og slurva vel litt, det var ein lang artikkel med til tider noko tunggrodd språk på no.
Ja, eg har vore ute for det der sjølv. Eg attenderulla språkvasken min fordi eg skreiv over ein del av rettingane du gjorde. --Frokor 19:46, 28 april 2008 (CEST)
Eg tok inn att språkvasken din. --Bep 20:03, 28 april 2008 (CEST)

[endre] Artikkeltitlar

Eg finn ikkje nokre kjekke retningsliner å visa til; men me nyttar i alle fall ikkje parentesar i artikkeltitlar (utanom på fleirtydingssider). (Kva med Musikkstilen Salsa?) --Harald Khan Ճ 14:19, 6 mai 2008 (CEST)

Jaudå, det ville nok vere OK. --Bep 14:26, 6 mai 2008 (CEST)

[endre] de:User:BepBot

Hi Bep, I have granted the botflag to de:User:BepBot. Success. Raymond 09:57, 7 mai 2008 (CEST)

Hi, your bot needs an update, look at this. --SpBot 13:58, 16 mai 2008 (CEST)
Bot is now updated.--Bep 19:56, 16 mai 2008 (CEST)
According to [2] (see your last edit today), you still do not mark your edits as sighted/flagged. I soft-blocked your bot for one day to get that fixed. If your're ready, tell me. Greetings --Complex 23:47, 16 mai 2008 (CEST)

[endre] Koordinatar

Eg trur den lettaste staden å finne koordinatar, er på [yr.no] (sjå nedst på sida). Dei er gode på stadnamn, òg : ). Men av omsyn til Frokor vil eg leggje til at dei ikkje er like presise på vervarsla. --Knut 23:17, 24 mai 2008 (CEST)

Takkar! --Bep 23:40, 24 mai 2008 (CEST)
Nei, yr.no er unøyaktig. Det oppdaga eg sjølv i stad der ein eller annan stad som låg sør på ei øy vart plassert nord på øya. Når eg tasta inn koordinatane frå Google Earth kom han på rett stad. Yr.no plasserer kanskje punktet i næraste gridpunkt som datamodellane brukar til å rekne ut vêret. --Frokor 23:49, 24 mai 2008 (CEST)
Takk igjen. Kva er yr.no gode på? --Bep 23:53, 24 mai 2008 (CEST)
Marknadsføring?--Knut 23:55, 24 mai 2008 (CEST)
Dei har mykje bra statistikk og klimatisk informasjon i alle fall. Vêrsymbola og meteogramma ser eg derimot aldri på sidan data som er henta automatisk rett ut frå vêrmodellane viser feil ofte nok til at du aldri kan vere sikker på om det er rett eller ikkje. Dette gjeld for øvrig alle slike type nettstader. Det er derfor ein framleis treng meteorologar. Ein god meteorolog i dag er gjerne ein som godt kjenner svakheitane til modellane, samt har lokal kunnskap om faktorar som modellane er for grove til å fange opp. --Frokor 00:51, 25 mai 2008 (CEST)
Korleis finn du koordinatane på Google Earth? - Knut 23:55, 24 mai 2008 (CEST)
Opna Google Earth, søk på staden du vil ha og koordinatane kjem opp nede i venstre hjørne. Viss du ikkje rører på musepeikaren over biletet, så er det dei førehandsinnlagte koordinatane som står der; altså dei rette. --Harald Khan Ճ 00:17, 25 mai 2008 (CEST)
Hos meg så står koordinatane alltid nedst på sida og viser alltid koordinatane der peikaren står. Eg trur eg ikkje eg har gjort nokre innstillingar for å få det slik. --Frokor 00:43, 25 mai 2008 (CEST)

[endre] Administrator

Eg trur du ar klar for å ta i bruk administrator-verktøya! Sjå Wikipedia:Administratorar/utnemningar! Hogne 20. juni 2008 kl. 13:22 (CEST)

Gratulerer! Jeg la inn en kategori på brukersiden din, håper det er OK. — H92 (d · b · no) 24. juni 2008 kl. 01:32 (CEST)
Takk. Heilt OK. --Bep 24. juni 2008 kl. 01:34 (CEST)

[endre] små png'ar

Orsak, men eg vart berre så nysgjerring. Kvifor i all verda har du lasta opp lokalt slike småkopiar fil:Sciences_humaines 30px.png i PNG format når dei opphavelege svg'ane vert så mykje finare  ? Finn Rindahl 27. juni 2008 kl. 12:50 (CEST)

Det var ein test, som ikkje var spesielt vellukka, eg skal slette dei. Problemet ligg i måten MediaWiki konverterer til PNG (både frå svg og nedskalering av png). IE6 (og mindre) støttar ikkje 32 bit PNG med alpha transparens (sjå på ikona på framsida i IE6 og du ser kva eg meiner). Dei støttar derimot 8 bit-variantar; det er eit vanleg triks. Filene blir mindre og dei ser ikkje så verst t i IE6. I dette tilfellet vart bileta så små, at resultatet vart so som so. Dei er berre brukte på mine testsider. --Bep 27. juni 2008 kl. 18:54 (CEST)
Godt godt, og takk for utfyllande svar (trur ikkje eg skjønte meir enn omlag halvparten rett nok ;o) ). Eg nyttar Firefox så eg ser ikkje korleis ting vert i IE. Dei testsidane dine ser fine forresten. Finn Rindahl 27. juni 2008 kl. 21:31 (CEST)
Eg òg nyttar Firefox (og Opera av og til), men 30% av dei andre der ute sit på IE 6. --Bep 27. juni 2008 kl. 21:35 (CEST)

biuro podróży tonery laserowe phone cards Opisy na Gadu Gadu Wzory dokumentów Łożyska samochodowe Teledysk Maszyny używane, kolwalstwo bogaty ojciec usługi krawieckie katalog Prace Magisterskie zakłady bukmacherskie Działki budowlane Linki sponsorowane kick koparki Bułgaria wczasy Karaoke expekt COOLsurf