| nn |
Denne brukaren har norsk som morsmål og meistrar nynorsk. |
|
|
|
|
|
| fr-2 |
Cette personne peut contribuer avec un niveau moyen en français. |
|
|
|
|

|
Denne brukaren snakkar med kattar. |
|
|
|
Ranveig Thattai (f. 1980) er ein nynorskbrukande sandnesgauk med fast tilhald i Yorkshire i England. Ho har ein del erfaring med skriving på Wikipedia og opphavsrett på filer, og svarer gjerne på spørsmål stilde på diskusjonssida eller epost.
Ranveig blei aktiv brukar på Nynorsk Wikipedi den 11. oktober 2004. Ho gjorde straks inntrykk med ei rekke redigeringar på oktober-datoane, og blei utnemnd til administrator. To år seinare blei ho byråkrat, og blei i 2007 vald til livstidsdiktator styremedlem i Wikimedia Noreg. Ho har òg motteke eit stipend frå Noregs Mållag som skal brukast til å utvikla Nynorsk Wikipedia vidare.
Ranveig er utdanna bachelor i språkfag (engelsk og fransk, med omsetjing som hovudemne) og tek for tida mastergrad i historie. Ho har også studert fag innan medisin og folkloristikk.
Ranveig er gift med Arvind og mor til ein bytting villstyring fødd i april 2006.
|