|
Verktøy |
Andeskondor
Andeskondoren (Vultur gryphus) er største fuglearten i familien vestgribbar, Cathartidæ. Han er ein av dei største av fugleartane som kan fly.
[endre] ArtsskildringAndeskondoren kan oppnå ei vekt på 12 kilogram. Kroppslengda kan nå 110 centimeter og vengjespennet 3,20 meter og med det ei vengjeflate som gjev stor oppdrift; fuglen kan stige opp til 7000 moh. Han er gjennomgåande svart med kvit felt på oversida og ein vid kvit halskrage. Hovud og hals er ikkje fjørkledd, og er raudleg i farga. I motsetnad til kaliforniakondoren (Gymnogyps californianus) har hannfuglen av andeskondoren ein kjøttliknande kam på hovudet. Hannen har grå augo, hoa har raude. [endre] ForplantingHoa legg berre eit egg i kullet. Det legg ho rett på bakken på ei hylle eller i ei hole i fjellet. Paret forplantar seg berre kvart andre år, normalt. Det gjev ein låg reproduksjonsrate. Begge foreldra tar ansvar for ruginga. Rugetida kan ta 54–65 døger. Ungen er flygedyktig først etter 6 månader. Ungfuglen har ein brun fjørdrakt, og oppnår svartkvitdrakta etter opp mot 8 år. [endre] Utbreiing og levevisLeveområdet for andeskondoren ligg i fjellandskap langs Andes frå Pategonia i sør til Colombia i nord. Fuglen treng oppstigande luftstraumar lang fjellsider til å vinne høgd. Han kan òg gå korte strekningar til fots. Det er kjent at kondoren har levd i over 75 år i fangenskap. [endre] VernKondoren er ein truga art. Det har vore gjort freistnad på å igjeninnføre arten i områder i Colombia og Venezuela og det finst tidlege rapportar på at har lukkast. [endre] AnnaAndeskondoren er eit nasjonalsymbol i Colombia, Ecuador, Bolivia og Chile, bilete av kondoren finst i våpenskjoldet for desse landa. [endre] Kjelder
|