|
VerktøyPå andre språk
|
Aisne
Aisne er eit departement i den nordlege delen av Frankrike, oppkalla etter elva med same namn som renn gjennom området.
[endre] HistorieAisne er ein av dei opphavlege 83 departementa som vart oppretta under den franske revolusjonen 4. mars 1790. Han vart danna av dei tidlegare provinsane Île-de-France, Picardie og Champagne. Det meste av dei gamle skogane i området vart øydelagd under kampar i den første verdskrigen. Den tyske offensiven mot Chemin des Dames våren 1917 vert stundom kalla Det andre slaget om Aisne. [endre] GeografiAisne grenser mot Ardennane og Belgia i nordaust. Elva Aisne renn gjennom området frå aust til vest, der ho møter Oise. Landskapet er dominert av klipper med bratte sider. Desse klippene finn ein i heile regionen, men er mest imponerande ved Laon og Chemin des Dames. Dei største byane i Aisne er:
[endre] KlimaDepartementet får mellom 500 og 750 mm nedbør i året. [endre] ØkonomiJordbruk dominerar økonomien, særleg kornavlingar. Roesukker er ein av dei viktgaste industriane i området. Veving av silke, bomull og ull har ein i Saint-Quentin og andre byar. Saint-Gobain er kjend for produksjon av speglar, som starta på 1600-talet. Guise er jordbrukssenteret i den nordlege delen av Aisne. [endre] KulturUnder den første verdskrigen vart fleire viktige og historiske byningar øydelagd. Av bygningar som overlevde finn ein mellomalderkyrkjene i Laon, Braine og Urcel. Ruinane av slottet i La Ferté-Milon vart heller ikkje meir øydelagd av krigane. [endre] Bakgrunnsstoff
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||