|
VerktøyPå andre språk
|
1968
Fredeleg opptog under nasjonaldagen i Singapore med folk frå People's Association, ein organisasjon tufta for å fremja samfunnsånd.
Foto: Lama Jey Tsong Kapa 1968 i den gregorianske kalenderen var eit skotår som byrja på ein måndag. Året er kjend for ei rekke dramatiske hendingar med bakgrunn i maktkampar mellom ulike krefter og ideologiar. 1968 er blitt kalla «året då allting hende», og er blitt ståande som eit symbol på den motkulturelle ungdomsrørsla frå denne tida, som ofte blir kalla «1968-generasjonen». Ulike krav om fridom og folkestyre prega land over heile verda, og mange venta seg store endringar gjennom ein verdsomspennande revolusjon. Våren 1968 fann det stad studentopprør i ei rekkje land, der det best kjende fann stad i Paris i mai. Sosialisme var særs utbreidd blant intellektuelle, og ei ny, «andre bølgje» av kvinnerørsla gjorde seg gjeldande dette året. Samstundes fekk voksteren av radikale idear motsvar av mellom anna det republikanske partiet i USA, som hevda å tala for ein «taus majoritet», og konservative politikarar som franske gaullistar og britiske Enoch Powell.[1] Dette året bevega Tsjekkoslovakia seg vekk frå sovjetisk innverknad i det som blei kalla prahavåren, men blei seinare på året invadert av andre warszawapaktland. USA opplevde skjelsetjande politiske omveltingar og valdshandlingar. Dette året blei borgarrettsleiaren Martin Luther King jr. og presidentkandidaten Robert F. Kennedy drepne i attentat. Landet gjekk gjennom uro som raseopptøyar og demonstrasjonar mot vietnamkrigen, som var i ferd med å mista folkestøtte. Demokratane sitt presidentnominasjonsmøte i august dette året blei råka av uro både innan partiet og ute i gatene i Chicago. Partiet orienterte seg mot venstresida, medan republikanarane vann veljarar gjennom å appellera til «det tause fleirtalet», som var imot mange av dei radikale endringane opprørarane stod for.[2] Medan liknande frigjeringskampar, folkeoppreistar og motkulturelle hendingar også fann stad i åra rundt 1968, er 1968 med sine kontrastar mellom framtidshåp og skuffingar, fredsretorikk og vald blitt ståande som eit høgdepunkt, på godt og vondt, frå dei alternative 1960-åra. Kampsakene frå 1968 prega ettertida, og skiljelinene finst fortsatt innan seinare politikk.[3],[4]
[endre] HendingarPågåande hendingar i 1968 var Andre Chimurenga-krigen i Rhodesia (1964–1979), Kulturrevolusjonen i Kina (1964–1969), Den namibiske sjølvstendekrigen, (1966–1988) Borgarkrigen i Yemen (1962–1970), og Vietnamkrigen (1959–1975). [endre] Utlandet
[endre] Noreg
[endre] Født
[endre] Døde
[endre] Skildringar av 19681968 er blitt skildra i ei rekke kulturelle verk, til dømes har forfattaren Milan Kundera og visediktaren Karel Kryl skrive om prahavåren. Skodespelet The Party av Trevor Griffiths skildrar 1968 i Storbritannia. [endre] Kjelder
[endre] Fotnotar
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Galleri
<< 1900 | 1901 | 1902 | 1903 | 1904 | 1905 | 1906 | 1907 | 1908 | 1909 | 1910 | 1911 | 1912 | 1913 | 1914 | 1915 | 1916 | 1917 | 1918 | 1919 | 1920 | 1921 | 1922 | 1923 | 1924 | 1925 | 1926 | 1927 | 1928 | 1929 | 1930 | 1931 | 1932 | 1933 | 1934 | 1935 | 1936 | 1937 | 1938 | 1939 | 1940 | 1941 | 1942 | 1943 | 1944 | 1945 | 1946 | 1947 | 1948 | 1949 | 1950 | 1951 | 1952 | 1953 | 1954 | 1955 | 1956 | 1957 | 1958 | 1959 | 1960 | 1961 | 1962 | 1963 | 1964 | 1965 | 1966 | 1967 | 1968 | 1969 | 1970 | 1971 | 1972 | 1973 | 1974 | 1975 | 1976 | 1977 | 1978 | 1979 | 1980 | 1981 | 1982 | 1983 | 1984 | 1985 | 1986 | 1987 | 1988 | 1989 | 1990 | 1991 | 1992 | 1993 | 1994 | 1995 | 1996 | 1997 | 1998 | 1999 >> |